Stem Venstre i år!

Avsluttande val-vers-appell frå vår førstekandidat Hogne Kvangarsnes:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Vi syter og klagar på mykje og mangt,
på det som er vidt og på det som er trangt.
Vi sutrar og jamrar når veret er grått —
når skodda regjerer og allting er vått.

Vi kjeftar og smeller på alt som er vrangt,
på det som er kort og på det som er langt.
Vi klagar på brøyting og holete veg,
når breibandet svik – og mobilen er treg.

Vi sukkar og mukkar når bakken blir bratt,
på dieselpris, momskrav og eigedomsskatt.
Vi klagar på gikta og manglande hell,
på formannskap, rådmann og styre og stell.

Men sanninga seier at mykje er godt
I Sunnfjord og Fjaler — i stort og i smått.
Og heldige er vi — ja, sann mine ord,
som kvar dag kan fråtse ved rikdommens bord.

Visst må vi slite for velferd og peng,
for skular og omsorg og sjukeheimsseng.
Og visst skal vi akte natur og miljø
kvar enn der vi ferdast på land og på sjø.

Ja, her vil vi leve og skape og bu,
med verksemd på Låten – og tunell og bru.
Så sjå lyst på livet kvar dag som vi får,
og bruk røysteretten – stem Venstre i år!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**