Venstre vil ha tre ferjer

– medan vi venter på Hafast-brua.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Fergesak

Foto: Anne Gry Eilertsen, VBVP

Vi vil ha ferjer kvart tjuande minutt til og frå Hareid. Med 3 ferjer på fjorden vil Hareid- Sulesund vere eit heilt anna samband og til mykje mindre irritasjon for folk som blir ståande på ferjekaia, meiner Venstre i Ulstein , i Hareid og i fylket. Førstekandidatane Pål Grødahl, Einar Warholm og Gunn Berit Gjerde har laga ein plan for å få det til.

Venstrelaga i Ulstein og Hareid går for Hafast. Og dei ser gjerne at siste teknologi på bru, flytebru eller flytetunnel blir brukt. Det er fristande å sleppe å køyre 600 meter under havet.

Men vi kan ikkje slå oss til ro med at dei tiåra som vil gå før eit Hafast er på plass, skal vi stå på Hareid eller Sulesund og vente på ferje, seier dei tre førstekandidatane. Dei vil ha tre ferjer på fjorden og avgangar kvart tjuande minutt på dagtid og kvar time på natt.

Gunn Berit Gjerde, Venstre sin fylkesordførarkandidat er over fjorden i embets medfør fleire gongar i veka. Ho er lei av å vente på Sula, og ho ser mange andre som er lei av å vente. Det er irriterande å kome 2 minutt for seint og måtte vente ein halvtime på neste ferje — og for ikkje å snakke om når ein er for sein på kveldsferjene. Mang ein gong har det vorte kalde og utrivelege kveldar i Sula, seier ho.

Vi må ha fridomen til å fare og kome og vite at det går ei ferje, seier Grødahl som peikar på at trafikken over Sulesund berre aukar. Det er ikkje alltid dei store ferjene greier å ta unna trafikken. Det er viktig for folket og næringslivet på ytre Søre at vi opnar opp mot Ålesundsregionen med gode samband slik at fjorden ikkje blir eit hinder for at folk kan bu i Ålesund og arbeide her — eller omvendt. Då får vi også lettare tilgang på næringslivet i Ålesund som er eit godt supplement til vårt eige med sjukehusarbeidsplassar, Kystverket, handel o.s.v som spesielt kan vere attraktive arbeidsplassar til kvinner, seier Einar Warholm som ser behovet for at vi får felles bu — og arbeidsmarknad med Ålesundregionen.

Planen er at dei skal få med seg alle andre politikarar i Hareid og Ulstein på kravet, så skal det løftast til fylket der fylkesrepresentanten tar det inn til prioritering når det skal settast opp behov for ferjetrafikk i fylket. Og så er det å få med seg fylkestinget på eit krav til styresmaktene om at sambandet blir utvida til 3 ferjer. Og då er det heilt natruleg at det blir gassferjer neste, seier dei tre som også er opptekne av å bruke minst mogeleg forurensande drivstoff for å kome seg dit dei treng og vil.

Saka kan du lese i dagens utgåve av Vikebladet/Vestposten.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**