Stem på ungdommane!

Lesarinnlegg i Hallingdølen 8. september

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Fredag var det valtorg på skulen. Dette var i staden for den tradisjonelle skuledebatten.
Då me kom inn i samfunnshuset der partia hadde sett opp sine stands, vart eg overraska. Mange av dei eg aldri hadde trudd ville interessere seg for å høyre på politikarane storma bort til kvart sitt bord og starta å stille spørsmål. Andre prata med oss som står på lister, men det som var fellesnemnaren var at alle prata saman og diskuterte politikk. Dette gjorde meg rett og slett glad.

Sjølv har eg allereie teke standpunkt til kommunevalet, men likevel fekk eg gode samtalar med fleire av politikarane frå andre parti. Det var godt å kunne seie at eg kom til å stemme eit anna parti, og at politikaren likevel ville bruke tid på meg i staden for fem andre. Sjølv om eg fortalde politikarar at «denne saka er eg heilt ueinig i» kunne me både diskutere denne og andre saker på ein god måte. Det var òg mykje enklare å kunne ta opp sine eigne spørsmål og å prate med politikarane enn det var under skuledebatten. Kanskje valtorg skal bli den nye skuledebatten? Eg fekk i alle høve meir utbytte av valtorget enn skuledebatten me hadde for to år sidan.

Det eg eigentleg hadde tenkt å skrive om er korleis ein skal stemme. Velje parti, gi stemmetillegg og føre på slengjarar. Dei to fyrste punkta kan nok mange frå før, så eg vil skrive litt om slengjarar.

Fyrst; for de som ikkje veit kva ein slengjar er: Dette er ei tilleggsstemme du kan gi til ein person som ikkje står på lista til det partiet du stemmer på. Du kan skrive opp inntil seks personar frå andre lister. Når du gjer dette får personen ei ekstra personstemme, og ein viss del av stemma di går til det andre partiet. Kor mykje av stemma di partiet får avheng av talet på representantar det skal vere i kommunestyret. I Ål kommune er det 25 i kommunestyret. Då går 1/25 av stemma di til partiet til slengjaren. Tilsvarande minkar stemma på partiet du eigentleg stemmer på.

Oppfordringa mi ved slengjarar: Før opp alle dei unge listekandidatane du kan! Det er viktig å få unge personar inn i kommunestyret, så ekstra stemmer til oss er viktig. For å hjelpe alle ålingar i gang følgjer ei liste over dei seks yngste kandidatane i Ål kommune.

– Yngve Bøygard (Ap, 1992)

– Emily Ann Charlotte Daykin (H, 1993)

– Torgeir Jorde (Sp, 1993)

– Runa Lyngvi (SV, 1991)

– Stein Olav Romslo (V, 1993)

– Kristiane Erlendsdotter Urke (V, 1992)

Så til alle ålingar: Stem på dei personane du ynskjer skal styre Ål kommune, og legg ved slengarar til oss som er yngst!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**