Skal rusavhengige få hjelp og omsorg?

Stord kommune har mange tilbod til rusavhengige. Dette har vore lite debattert i valkampen til no. Dette er eit område som berører mange, ja heile stordsamfunnet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Det med å tenkja heilskap, samarbeid på tvers internt i kommunen – med spesialhelsetenesta og ikkje minst med nettverket. Driva oppsøkjande og pågåande omsorg utan å trakka på dei som treng det. Det er med på å skapa eit miljø for dei utsatte til å koma seg på beina igjen. Venstre meinar at pårørande også er ein viktig ressurs som burde vorten teken mykje meir med i dette arbeidet.

Hender, leie

Foto: Microsoft

Rusavhengige har som alle andre, individuelle behov — dei er like forskjellige som alle andre personar. Langvarige og samansatte lidingar treng at hjelparar går saman om at det er brukarane som er i fokus. Han eller ho er den som skal gjera jobben. Me er ofte for opptatt av å hjelpa med symptoma og av kva diagnose
folk har — medan brukarar er opptatt av å få gode relasjonar til sine nærmaste, få ein stad å bu, aktivitet, gjerne arbeid og orden i økonomien. Alle kan bu — det handlar om kva bistand me dei får. Bustad er basisen for alt det andre som skal koma seinare. Ofte er det slik at ein brukar får høyra at fyrst på du skjerpa deg og læra å bu, kan du få bustad. Det meinar me i Venstre er å byrja i feil ende. Å ha lågterskel-tilbod til denne gruppa er viktig både for brukaren og dei pårørande. Tap av verdigheit er også ein tyngande stigmatisering for den einskilde og høge kostnadar for brukaren, som kan gjera det vanskelegare å komma ut av, eller leva med situasjonen.

Me ser at mange av dei som er på LAR kjem seg vidare med arbeide, utdanning og familie. Me må respektera at ikkje alle klarar/orkar/vil koma seg ut av rusen. Dei skal også ha eit helse- og sosialtilbod, og å verta møtt med tilsette og medborgarar som ikkje fordømmer. Dei er fødd og oppvaksne her og er våre innbyggjarar, og har difor dei same rettar og pliktar ut frå deira evner, slik det er med alle andre. Det at me har eit tilgjengeleg lågterskel-tilbod er viktig for Venstre, og me vil arbeida for at det vert vidareført.

Rusbehandling er ein investering som lønar seg. Den einaste langsiktige måten å betra denne problematikken er gjennom ei betre rusomsorg. Venstre ynskjar å opprett- halda LAR tilbod og Lavterskel helsetilbod — med «pant» for brukte sprøyter og lågterskelutdeling av metadon og subutex. Me treng politikarar som tør å ha ambisjonar for ei betre rusomsorg.
Venstre er klar til å ta den rolla!

Håkon Frode Særsten
Ordførarkandidat Stord Venstre
Geir Angeltveit
Ungdomskandidat Stord Venstre

– På trykk i Bladet Sunnhordland, 8. September 2011.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**