Reiseliv er ei næring for framtida, meiner Venstre

Gunn Berit Gjerde, fylkesordførarkandidat og Britt Giske Andersen, 6. kandidat til fylkeslista for
Møre og Romsdal Venstre, skriv dette i eit lesarbrev i fylket sine aviser.
Møre og Romsdal fylke bidreg til utvikling og marknadsføring, men kanskje ikkje målretta nok? Reiselivet som sjølvstendig næring blir sjeldan tatt omsyn til, enten det er rutenett som skal utviklast, eller store utbyggingsprosjekt som kraftlinje el. liknande. Den er avhengig av langsiktig tenking og forutsigbarheit.
Difor går vi til val på at verdiskapinga denne næringa står for, skal bli tatt på alvor. Og vil arbeide for større forutsigbarheit for dei som vil satse.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Leserbrevet sto på trykk i TK 07.09.11:

Ill. Foss

Foto: RH

Reiseliv, ei næring for framtida!

Sommeren er på hell og bygder og byer i fylket tømmes gradvis for besøkende gjester.

Cruisebåtkaiene ligger aude og det yrande livet er snart berre eit minne frå ein sommar som er over. Vi blir jo litt stolte også, over at fleire hundre tusen kjem til heimstaden vår og kanskje med god kunnskap om plassen også. Dei vil til Runde og sjå Lundefuglen, dei vil sjølvsagt sjå verdsarven Geirangerfjorden, Jugendbyen eller Atlanterhavsvegen, men dei vil også oppleve det å bu i ei rorbu og ha seg ein fisketur. Reint hav og rein fisk, er stort sett mangelvare der dei kjem frå. Dei vil høyre historia vår og besøke musea våre. Dei et godt og er det dårleg ver, så er dei slik som oss andre, dei trekk innandørs og kjøpesentra får gode dagar. Dette gir ei stor verdiskaping for bedriftene i fylket vårt.

Men, kor kjem dei frå alle , og korleis fann dei nettopp di bygd? Litt rart, at dei kjem kanskje frå andre sida av verda, for nettopp å oppleve ditt fjell, eller by? Her er no ikkje så spesielt, syns kanskje du.
Jau, fylket vårt er spesielt, men dei kjem ikkje av seg sjølve det skal vere sikkert.

Dei kjem fordi reiselivsnæringa driv aktiv marknadsføring og det over mange år, nettopp med di bygd, di bedrift, eller din fjord som merkevare. Og kvifor kan dei gjere det? Jau, fordi vi har deg, som driv di vesle nisjebedrift, der "ingen kunne tru at nokon kunne bu". Vi har bonden, som gjer sitt beste i å halde landskapet vårt ved like og sørgjer for kortreist mat i verdsklasse. Og vi har til dels store aktørar, som satsar og bygg hotell slik at vi kan ta i mot fleire overnattingsgjestar som gir volum og skapar endå fleire arbeidsplassar. Det dei besøkande får sjå er det ekte, reine og trygge, som skil oss ut i verdssamanheng. Dei siste åra har dette resultert i at reiselivsnæringa no har blitt den raskast veksande næringa, ikkje berre i Noreg, men i verda. Og i Noreg skil Møre og Romsdal seg ut. Reiselivet i fylket vårt har blitt vaksen!

Dette likar Venstre!

Møre og Romsdal fylke bidreg til utvikling og marknadsføring, men kanskje ikkje målretta nok? Reiselivet som sjølvstendig næring blir sjeldan tatt omsyn til, enten det er rutenett som skal utviklast, eller store utbyggingsprosjekt som kraftlinje el. liknande. Den er avhengig av langsiktig tenking og forutsigbarheit.
Difor går vi til val på at verdiskapinga denne næringa står for, skal bli tatt på alvor. Og vil arbeide for større forutsigbarheit for dei som vil satse.

Gunn Berit Gjerde – Fylkesordførarkandidat
Britt Giske Andersen – 6. kandidat fylkeslista
Møre og Romsdal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**