Kva skal til for å få det gode liv i Giske?

I desse valkamptider er bodrundane heftige om kven som har mest fokus på barn, ungdom og eldre. Møteplassar for born, uorganisert ungdom, pensjonistar og småbarnsforeldre er sjølvsagt vel og bra, men eg har gjort meg opp nokre tankar om kva utfordringar vi har i denne kommuna for ei anna stor gruppe mennske.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Kva med tilbodet til vaksne mellom 20 og 70 år, som ikkje driv med idrett eller har sansen for korps eller kor? Kva moglegheiter har dei som flytter hit til å bli kjende med andre innbyggjarar og skape eit eige nettverk med eigne vener, ut frå sine eigne interesser?

Tradisjonen for «å ta seg ein tur innom» utan avtale eller invitasjon er utdøyande, og «alle har det så travelt» at ein ser seg ikkje råd til å uroe folk midt i kvardagslogistikken. Nokre er inflytta til kommunen, som følgje til ein «innfødd» partnar. Andre kjem åleine for å starte det gode liv på ei av våre vakre øyer. Og mange flyttar heim etter fleire år vekke, og finn ut at både barndomsvener, tidlegare møtestader og fritidsaktivitetar har endra seg sidan sist. Fleire og fleire opplever også korleis det etter eit samlivsbrot er å vere omsorgsfull mor eller far i full aktivitet med borna eine stunda, og andre stunda så sit ein der mutters åleine. Behovet for samver med andre er heilt klart eit sakn når ein ikkje får ha sine kjære rundt seg slik ein har vore van med.

Anne-Lise Roald

Foto: Ove Paulsen

Einsemd er eit tabuord i vårt samfunn i dag. Men eg trur mange slit med dette i periodar, også i Giske kommune. Fleire eg har snakka med seier det er vanskeleg å bli kjend med folk. Det manglar naturlege møteplassar der ein kan kome i snakk med folk, og det er vanskeleg å orientere seg om kva fritidstilbod som fins, og korleis ein kan «få ver attme». Eg trur vi har ei utfordring her som lokalsamfunn.

Vi som politikarar kan vere med og legge til rette for at initiativ kan kome, utviklast og få drahjelp frå fleire. Som politikarar kan vi styrke arbeidet til Frivilligsentralen, ulike lag, organisasjonar og andre private tiltak. Vi kan setje fokus, og hjelpe til med ressursar for å koordinere, samordne og informere. Også i neste periode vil Venstre arbeide for å styrke arbeidet for levande lokalmiljø, med gode møteplassar og vi vil støtte opp om det frivillege arbeidet som bidreg til eit aktivt og engasjert nærmiljø.

Kva kan DU gjere? Du kan ta kontakt med oss politikarar og fortelje kva DU saknar i Giske kommune, og så kan VI saman starte eit tverrpolitisk arbeid for å skape eit enno betre liv i Giske.

Godt val!

Med helsing

Anne-Lise Roald, ordførarkandidat for Giske Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**