Venstre meir enn doblar oppslutninga i skulevalet!

Venstre er no det tredje største partiet blant ungdom på Voss!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


— Eit fantastisk resultat som gjenspeglar framgangen Venstre har opplevd i heile landet, seier leiar i Hordaland Unge Venstre, Sindre Horn.

Sindre Horn

Foto: Mathias Fischer

Venstre går fram frå 5,4 prosent i 2009 til 12,1 ved valet i år. Størst er Voss gymnas, der partiet er nest største parti med 18,0 prosent(kun slått av Ap). På landsbasis går Venstre fram frå 6,0 til 6,8 prosent.

— Eit framifrå resultat som illustrerer korleis Venstre er eit parti i kraftig vekst hjå ungdom på Voss og i heile landet. Det bles ein liberal vind over Voss, seier leiar i Voss Venstre, Knut Olav Nestås, som er optimistisk med tanke på det kommande kommunevalet.

Nestås

Foto: Vidar Herre

Valtorga på vossaskulane har resultert i at Unge Venstre neste veke startar opp lokallag på Voss, for første gong i ungdomspartiet si historie.

— Med tanke på dei fantastiske meiningsmålingane Venstre har fått på Voss elles òg, så ser eg dette som ei stadfesting knytt til at veljarane likar fokuset vårt på m. a framhaldande vern av Raundalselva, radikale tiltak for småbedrifter og gründarar, samt eksempelvis forslaga om fagleg oppdaterte lærarar, seier Nestås. — Samstundes virkar det som om ungdom har sans for Unge Venstre. Det lovar godt med tanke på eit eventuelt lokalt ungdomsparti, seier Nestås vidare.

Sindre Horn og Knut Olav Nestås oppmodar ungdom om å ta kontakt viss dei er interesserte i å engasjera seg i Voss Unge Venstre eller i Unge Venstre elles.

Unge Venstre logo

Foto: logo

Meir om valresultata på dei vidaregåande skulane, kan ein finna i morgondagens utgåve av avisa “Hordaland”.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**