Svar til ope brev frå Ørsta Mållag: Venstre og nynorsken

I programmet til Venstre vert det tydeleg slått fast at likestillingspolitikken for nynorsk og bokmål må halde fram, også etter at ny teknologi er teken i bruk. Det var i si tid Venstre som var med og skapte målrørsla, og Ørsta Venstre garanter at vi også i framtida lokalt vil arbeide for nynorsken.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Partiet skal arbeide for full respekt for at vi har to offisielle målformer — i tillegg til samisk — og dette tyder at det skal vere lik rett og høve til å nytte desse målformene.
Det framgår at Høgre og Fremskrittspartiet sentralt vil gjere sidemålet — i praksis nynorsken — frivillig i skulen. Venstre arbeider på si side aktivt for å inkludere hovudmål og sidemål i alle fag i skulen. Dette er programfesta for Venstre sentralt, og Ørsta Venstre vil på dette grunnlaget konkret gå mot alle saker som kan svekke nynorsken si stilling i skulen.

Ivar Aasen er ein av dei mest kjende nordmennene og Ørstingane gjennom alle tider. I Venstre er vi særs opptekne av dei positive og viktige språklege forpliktingane dette fører med seg for kommuna. Venstre vil konkret fremje forslag om at kommune og næringskontor aktivt skal gje råd om og oppfordre næringslivet til bruk av nynorsk. Det vert særs viktig å vidareføre og stadfeste nynorsk som einaste administrasjonsspråk i kommuna. Dette må gjelde på alle område der andre rettar eller lover ikkje hindrar dette. Ørsta kommune skal vere eit språkleg førebilete for alle nynorskbrukarar.

Dette tyder at også at Ørsta Venstre vil garantere for at ein vil aktivt arbeide for at norskopplæringa for dei med anna morsmål enn norsk, skal vere på nynorsk når ho no vert flytt attende til Ørsta. Dei sju kommunane på Søre Sunnmøre har dokumentert at det finst nok og godt nok opplæringsmateriell på nynorsk. Her har all norskopplæring dei siste åra vore på nynorsk.

Som mållaget peikar på, er det er viktig at borna i Ørsta møter sitt eige mål både som dialekt og normaltalemål, allereie frå barnehagen. Ørsta Venstre meiner difor det er viktig at den kulturelle skulesekken også kan omfatte barnehagane. Ved å forankre den kulturelle skulesekken lokalt, kan ein sikre lokal entusiasme og gi rom for mange lokale variantar.

Venstre vil halde fram med å fremje likestilling mellom bokmål og nynorsk i alle samanhengar. Vi ser at nynorsk til tider kan trenge særskild merksemd i høve bokmål. Vi kan difor stadfeste overfor Ørsta Mållag og andre at Ørsta Venstre vil ha fokus på nynorsken, med ei målsetjing om at alle skal oppleve likestilling mellom målformene – og med det særlege ansvaret det er å vere den bygda som har fostra Ivar Aasen og Anders Hovden.

Kyrre Grimstad
Ordførarkandidat, Ørsta Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**