Det vidaregåande skuletilbodet i Dale er heilt avgjerande for framtidig vekst og utvikling i distriktet vårt. Skulen er den einaste i sitt slag i Hafs-regionen, og alternativet blir for mange hybelliv – med ungdommelig utarming av lokalsamfunna våre som resultat. Dale vid. skule har opparbeidd eit godt renomme der elevane trivst i eit solid læringsmiljø.
Venstre meiner det blir viktig å styrke skulen ved å få oppretta fylkesdekkande linje. I så måte helsar vi velkome initiativet om eit internasjonalt baccalaurate-studium i samarbeid med UWC frå hausten 2013 av. Eit slikt studietilbod vil vere svært framtidsretta.
Fjaler Venstre ynskjer også å slå ring om grunnskulane i kommunane. Skulestrukturen var oppe til vurdering seinast i fjor. Og skal vi oppnå budsjett-innsparingar som monnar, vil det medføre store omkostningar for elevane med lange og trøttande bussturar. Skule og barnehage er viktige kommunale tenester for å sikre rekruttering og utvikling i grendene våre.
I programmet vårt vil vi også oppretthalde ungdomssteget på Våge. Med den forventa storsatsinga på Lutelandet vil det vere avgjerande å ha eit framtidig ungdomsskuletilbod i ytre Fjaler.