Alle partia hadde stand før debatten vart sett i gang. Her var mange innom Venstre sin stand. Mellom anna elevar frå 10. klasse ved Bulandet skule som hadde om kvar sine parti. Ei gruppe på tre elevar hadde om Venstre. Dei fekk utdelt penner, ballongar, snop og t-skjorte som dei kunne ta med når dei skulle ha framføring om Venstre.
Den yngste blant publikum var Mari Lorense som kom med mamma Gunhild. Berre nokre månader gammal kan vi trygt seie at ho allereie har fått Venstre inn med morsmelka, og ikkje nok med det ho hadde i tillegg smokk med Venstre-merke.
Sogn og Fjordane Venstre sin 2. nestleiar, Vigdis Tonning var også tilstades i Askvoll som sjårfør for Aleksander.
Under debatten gjorde både Bjørn Arne og Aleksander ein glimrande innsats. Bjørn Arne snakka mykje om tenestetilbod til innbyggarane i kommunen og Atløysamband.
Aleksander snakka miljø og herunder mykje om fjorddeponiet ved Engebø som vil true livet i ein nasjonal laksefjord, samt kvalitet i dei vidaregåande skulane i fylket som vert trua av synkande elevtal.