Ørsta Venstre vil ta ungdomen på alvor

I avisspaltene har det i lang tid vore fokus på rånekultur og støy på nattestid i sentrum. Dette har blitt kjent utover kommunegrensa og er kanskje i ferd med å skape eit syn på Ørsta som det er viktig å snu. Ørsta Venstre støttar mange av dei foreslåtte strakstiltaka i denne samanhangen. Det er ikkje slik at nokre få skal ødelegge for mange.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Det er likevel verd å peike på at i dei senare åra har fokuset på offentlege, førebyggande tiltak for barn og unge blitt vesentleg svekka. Dette er eit politisk ansvar!

I komande periode vil Ørsta Venstre auke fokuset på saker som vi meiner kan vere med å sikre barn og unge ein rik oppvekst.

Korleis skal ein t.d. sjå føre seg framtida for Kaihuset? Det er ei kjensgjerning at dette verdfulle tiltaket ikkje er omfemna med same entusiasme som for nokre år sidan, og at politikarane i Ørsta har bidrege til ei reell svekking av dette tilbodet. Helsestasjonen er svekt gjennom vedtekne budsjettkutt. Det er vedteke at Ørsta ikkje lenger skal vere MOT-kommune. Ein har etter mange års debatt endå ikkje klart å oppnå semje om den planlagde fleirbrukshallen i sentrum.

Fleire døme kan leggast til denne lista, som syner eit tydeleg behov for endring.

Barn og unge treng å bli tekne på alvor, dei treng å bli sett som bidragsytarar i samfunnet. Det er eit ansvar for ansvarlege politiske organ å sjå til at uønska adferd mellom barn og unge også vert møtt med positive tiltak som kan vere med å endre haldningar.

Vi har ikkje råd til å vente på å satse på framtida. Det er no vi skal bygge morgondagens samfunn.

Kyrre Grimstad
Ordførarkandidat for Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**