Meir til dei som treng det mest!

Ordførarkandidaten til Venstre, Gro Skartveit, meiner Finnøy må prioritera helse og omsorg høgare.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Rusomsorg

Foto: Kari Stai

Ein del meiner det kan vere vanskelig å sjå skilnaden på dei ulike partia i kommunen vår. Eg forstår dette, ein gjennomgang av sakene i kommunestyret det siste året syner at vedtaka er einstemmige i ca 80% av sakene. I tillegg er kommuneøkonomien stram slik at det ikkje er rom for særleg store økonomiske prioriteringar ut over lovpålagte oppgåver. Aller partia er òg einige om at me må ha ny sjukeheim, eit godt samferdseltilbod og at me må leggje til rette for næringsutvikling.

Men eit område som har vore lite framme til no i valkampen, og som Venstre meiner må prioriterast mykje høgare enn i dag, er helse og omsorg! Det vil seie at me meiner politikarane må ha eit mykje større fokus på både tilsette i helsetenestene, pasientar på sjukeheimen, helsesøstertilbodet og på dei som står i kø for å få hjelp til ulike tilbod. Det er ein del som slit med psykiske problem i kommunen vår som andre stader. I mange heimar er det rusproblematikk og andre stader er det barn med ulike behov enn andre barn har. Me har mange flotte folk som på ulike måtar slit i livet sitt. Som regel når ikkje stemmane frå desse fram til dei som styrer. Her må det endring til! Eg veit ikkje om dei andre partia vil prioritere som Venstre vil på dette området. Me har enno ikkje fått klart svar frå nokon av partia om dei meiner politikarane må ta større ansvar og at det må opprettast eige utval for oppvekst og levekår.

Sjølv om me er ein "fattig" kommune så må me sjå dei som treng det mest. Det kostar ikkje pengar å lytte, ta på alvor og spørje etter erfaringskompetanse både til tilsette, pårørande og brukarar av tenestene. Venstre lovar å ha eit sterkt fokus på dei som av ulike grunnar treng omsorg frå kommunen, og me vil lytte til dei tilsette i helsesektoren. Me må aldri gløyme at politikarane er til for folket. Venstre vil setje folk fyrst!

Gro Skartveit, ordførarkandidat Venstre
Innlegg i Øyposten fredag 9. september 2011

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**