Kvar skal Frp i Gol kutte?
– Frp vil fjerne eigedomsskatten i Gol seier 1. kandidat Rune Cederløf til laurdagsavisa. I ein annonse torsdag seier 4. kandidat Tor Helge Bergh at “Gol Frp i kommende periode vil jobbe for å avskaffe eigedomsskatten i Gol kommune”.
Kva tenestetilbod er det Frp vil kutte i? Det må Frp fortelje velgjarane og dei andre politiske partia.
Då vi innførte den utvida eigedomsskatten, stemde Frp for; dei hadde ingen andre idear til inndekninga. Kva har partiet tenkt å gjera ved budsjettbehandlinga for 2012?
Hallvor Lilleslett
Venstres 1.kandidat