Eg har funne garden i Botnane og skal no satse på sau i kombinasjon med gardsturisme og norsk kulturhistorie. Vi har gravrøysa framfor døra og garden er det gamle posthuset i Botnane . Dei tre elementa inviterer til at eg kan skape min eiga arbeidsplass. Det å skape sin eiga arbeidsplass er viktig i utkant Noreg for det er ikkje alltid like lett å berre flytte all arbeidsinnsats til storbyar. Kor blir det av norsk arv da? Det høyrtest kanskje litt rart ut av ei som ikkje er fødd og oppvaksen her i landet, men det å snakke med dei eldre i bygda, og vere engasjert i mi eiga grend og Kommune gjorde at det Norske kraup under huda mi . Men ein må tørre å satse, og det er der Kommunen kjem inn. Ein klarar det ikkje aleine med pågangsmot. Eg har alltid følt at døra til Bremanger Kommune sto vidt open for dialog, råd og bistand. Så lenge politikarane ser at verdiane og resursane på plassen må brukast og utnyttast maksimalt, kan ein nå langt. Venstre i Bremanger er også optekne av at små gründerar får friheit og støtte til å la skapingslysta blomstre.
I Venstre vil vi jobbe hardt for å la dei som har lyst å satse i si eiga Kommune lykkast. Eg vil hermed oppmode alle som har lyst å skape seg det gode kvardagslivet i utkant Bremanger: Begynn med å gå til valurna og stem Venstre!
Jacqueline Mannaart
Kandidat nr. 3. Bremanger Venstre