Førde Venstre om oppvekst og utdanning

Vi har gode barnehagar og skular i Førde. Slik skal det også vere i framtida. Førde Venstre vil arbeide for at lærarar får vere lærarar – ikkje byråkratar. For å bli endå betre, ønskjer Førde Venstre å styrke både barnehagane og småskulesteget med fleire pedagogar og spesialpedagogar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Førde Venstre vil:
– arbeide for ein barnehage- og skulestruktur som sikrar god kvalitet i utdanninga.
– auke grunnbemanninga frå ein til to pedagogar på kvar barnehageavdeling.
– arbeide for auka pedagogtettleik på småskulesteget.
– sikre, og vidareutvikle, drifta av Ungdomshelsestasjonen.
– leggje til rette for gode nærmiljøanlegg som gjev aktivtet både for unge og eldre.
– arbeide for ein struktur i vidaregåande opplæring som tek utgangspunkt i kvar elevane bur og kva kompetanse næringslivet har behov for.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**