Folketalet i distrikta går ned. Gol har greidd å oppretthalde folketalet, men det er store utfordringar knytt til dette. Korleis skal vi oppretthalde og helst auke folketalet? Då må det vere attraktivt å bu i Gol og det må vera attraktivt å flytte til og busette seg i kommunen. Arbeidet for å få eit godt bumiljø blir difor svært viktig.
Næringsutvikling er også viktig, men for Gol sin del er det enno viktigare at fleire av dei som arbeider i Gol buset seg i Gol. Vi har per i dag fleire arbeidsplassar enn vi har folk til å fylle desse stillingane med. Det er om lag 1100 personar som pendlar inn til Gol og om lag 560 golingar arbeider i andre kommunar. Netto innpendling er 550 personar. Dersom alle desse og familiane deira hadde busett seg i Gol, hadde vi fått eit stort lyft i kommuneøkonomien. Skatteinntektene og ikkje minst rammeoverføringane er knytt opp mot dei som bur i kommunen, ikkje kor mange som arbeider i kommunen.
Difor blir å forhindre ei forverring av bumiljøet til store delar av innbyggjarane i Gol viktigare enn næringsutvikling i saka om Geiteryggen.
Hallvor Lilleslett
1. kandidat Gol venstre