Brev til førstegongsveljarane

Askvoll Venstre har sendt brev til alle som skal stemme for første gong i kommune- og fylkestingval i Askvoll. Brevet er sendt til alle som er fødd i 1990, 1991, 1992 og 1993, med oppmoding om om å bruke stemmeretten.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Venstre i vinden

Venstre i vinden

Den 12. september er det kommune- og fylkestingval der du har høve til å påverke kven som skal delta i styringa av kommunen og fylket vårt.

 Ungdomskandidat Line Rotihaug, nr 9 på Askvoll Venstre

Ungdomskandidat Line Rotihaug, nr 9 på Askvoll Venstre

Hendingane i sommar i Oslo og på Utøya har sett sterke spor i heile nasjonen, og har synt oss kor viktig demokratiet faktisk er. Vi er heldige som lever i eit system der vi har rett til å gje uttrykk for vårt syn gjennom frie val.

Askvoll Venstre håpar du vil vurdere å støtte Venstre med di stemme på valdagen. Dette fordi vi meinar at vi har ei liste med representantar frå dei ulike delane av kommunen som vi veit vil gjere ein god jobb for alle innbyggjarane i kommunen, unge som gamle. Line Rotihaug som er vår ungdomskandidat, fortjener stemma di slik at ho kan få ein fast plass i kommunestyret dei komande fire åra.

 Ordførarkandidat Bjørn Arne Mjåseth

Ordførarkandidat Bjørn Arne Mjåseth

Viktige saker for Askvoll Venstre er til dømes viljen til å kjempe for at det skal finnast eit variert og godt tilbod når det gjeld vidaregåande opplæring i fylket vårt. Askvoll må vere rusta til å ta i mot fleire lærlingar. Vidare er vi sers interessert i at du i framtida vil busetje deg i Askvoll med deg og dine, og då skal du vite at vi jobber aktivt for å tilretteleggje for bustadbygging på rimelege og attraktive tomtar i kommunen.

At alle har tilgang til barnehage og skule i sitt trygge nærmiljø synes vi er kvalitetar som vi aktivt vil jobbe for å behalde. Kulturskulen, danseverkstad er noko vil vidareutvikle og støtte samt aktive idrettslag.

Askvoll Venstre veit at det er mange uløyste problem når det gjeld samferdsla i kommunen vår, men vi jobbar aktivt for at kommunen skal oppleve forbetringar innan denne sektoren også, ikkje minst fastlandssamband til Atløy og utbetring av vegen mellom Askvoll og Førde.
Miljøet er også ei viktig sak, det er dei unge som er dei framtidige brukarane av miljøet vårt, derfor synes vi det er viktig at vi ikkje gjer tiltak som begrensar dei unge si moglegheit til å nytte miljøet på ein berekraftig måte.

Dersom nokre av desse sakene er viktige for deg ber vi om di hjelp til å setja desse sakene sterkare på dagsorden.

Godt val til alle saman!

Med beste helsing
ordførarkandidat Bjørn Arne Mjåseth og ungdomskandidat Line Rotihaug

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**