Venstre tek ansvar, Venstre vågar å prioritere

Dette er kanskje ikkje det luraste å sei før valet, men eg vil være ærlig med veljarane og sei det slik det er. Me har ikkje penger til alt, me må våga å sei kva me set fyrst.
Mandag hadde alle partia sitt tradisjonelle debattmøte i Grendatun.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Visst lovnadane på dette møte skal være førande for budsjettetdebatten som startar i oktober, har me eit alvorlig økonomisk problem.
Me må ha politikarer som vågar fortelle no, at me har ikkje penger til alt. Politikarane lyt våge å sei kva me skal bruke pengene dykkar til.
Visst Ap, Frp og Krf får fleirtal, havner Tysnes kommune i eit økonomisk uføre som me me vil slite med å komme ut av i mange år. Deira holdning til økonomi er skremmande.
Alle veit at ein i sin privatøkonomi ikkje kan bygge på huset, reise til syden og kjøpe ny bil same året. Dette er det same med kommuneøkonomi. Me kan ikkje bruke 60 mill på sjukeheim, 25 mill på barnehage, 48 mill på Tysnes skule samstundes med at me skal oppretthalde ein dyr driftsstruktur på tenestetilbodet vårt.
Dette året kjem Tysnes kommune ut med 4 mill i minus, neste år med 6 mill (pg elevtalsnedgong), er det rett å late at augo. Er det rett å sei at me er så optimistiske at me ikkje trur det går slik.
20 mill i fond er fare i 2013 om me ikkje stakar ut ny kurs. Vil me dette, vil me bruke dette på drift.
Venstre skal være med på å snu trenden på Tysnes, me skal byggje eit sterkt samfunn som er rusta for framtida. Me skal legga stein på stein for å sikre at Tysnes skal møta morgondagen med opne auge.
Venstre vil løyse det slik, barnehage i Uggdal skule, bygge ny sjukeheim, gjere dei utbetringane me må på Tysnes skule. Ei totalombygging på Tysnes skule må være neste store prosjekt me skal ta til med. Me må sikre at me har ein driftsstruktur som sikrar kvalitet i undervisning på skulen, og som sikrar ein verdig eldreomsorg.
Venstre vil sette fokus på fire ting;
Meir ressursar til eldreomsorgen
Sikre kvalitet i skulen
Aktiv næringsutvikling
Jobbe saman med næringsliv for å betre vegane

Vær sikker på at di stemme går til nokon som vil ta ansvar for vår framtid.
Vær sikker på at di stemme går til nokon som forstår kva det vil sei å styre ein kommuneøkonomi.

Torstein Hatlevik
Ordførarkandidat for Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**