Tysnes må ha ein aktiv næringspolitikk

Tysnes skal velge kurs for framtida, me skal velge kva me skal leve av. Ein aktiv næringspolitikk er det viktigaste Tysnes kommune kan bidra med for å skape folkevekst i kommunen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Me må ha ein næringssjef i kommunen, ein som jobbar aktivt med næringsutvikling.
Tysnes må legge til rette for at det er attraktive næringsareal som kan utviklast.
Tysnes kommune må saman med bedriftene, stå saman for å presse fylke og stat til å betre vegnettet i kommunen. Me lyt også legge press på styresmaktene for å betre ferjetilbodet inn og ut av kommunen.
Tysnes må utvikla ein eigen plan for kva næringar me har potensiale til å videutvikla.
Tysnes bør kartlegga kva andre bedrifter me burde hatt, for å komplimentere dei me allerede har.
Me må sikra gode vilkår for næringslivet vårt.
Me må ha eit godt teneste tilbod i kommunen, for å gjere Tysnes til ein attraktiv arbeidsstad for dei som bedriftene ynskjer å ha i jobb.
Næringsutvilking handlar om og sjå potensiale til utvikling, til å finne eit produkt som det er trong for. Når ein har gjort dette må ein være sikker på at kunden finn produktet ditt og at dei velger ditt produkt.
Venstre har kandidatar som ser potensiale, som veit kva som må til. Me er klar til å satse på Tysnes, men me treng di stemme for å gjere jobben. Ei stemme på Venstre, er ei stemme på framtida.

Tysnes Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**