Tverrpolitisk dugnad for Gloppen si framtid

Gloppen Venstre inviterar dei andre partia til tverrpolitisk idédugnad for offensiv næringspolitikk, optimisme og ny vekst i Gloppen!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Gloppen har både naturgjevne og kulturgjevne føresetnader for å kunne utvikle eit allsidig og bærekraftig næringsliv basert på ressursar og råvarer som landbruket vårt representerer. Vi har ein fantastisk og variert natur rundt oss, vakre og velstelte kulturlandskap, vi har historie og tradisjonar, rikt og levande kultur-og organisasjonsliv i alle deler av kommunen Vi har høgt spesialiserte bedrifter, folk med høg kompetanse på ei rekkje område, vi har ei dugnadsånd her som i fleire samanhengar har vist at vi kan få til det meste, berre vi i fellesskap sameinar kreftene våre. Vi har godt utbygde offentlege tenester og eit godt skuleverk med dugande lærarar.
I alt dette ligg det eit potensiale til ny vekst og utvikling i Gloppen som ventar på si forløysing. Som døme; tenk på mogelegheitene som ligg i skjeringspunktet mellom lokal matproduksjon, reiseliv og kultur!
Men er vi her i Gloppen flinke nok til å marknadsføre mogelegheitene som ligg her for folk som kan tenkje seg å etablere seg i Gloppen?
Venstre vil invitere dei andre partia til ein tverrpolitisk dugnad for å få fram dei gode idéane som kan legge grunnlaget for ein offensiv næringspolitikk, ein politikk som kan skape optimisme og ny vekst i Gloppen.
Får vi dette til, ser eg og Venstre lyst på framtida for Gloppen.
Bruk røysteretten — godt val!

Ragnar Eimhjellen
1.kand. for Gloppen Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**