Tour De Giske

Giske Venstre med sykkelaksjon i valkampen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Grå og våt var dagen, men tilsaman 35 syklistar var sporty og stilte søndag 4 september til Tour de Giske. Giske Venstre tillyste dette arrangementet som ein del av sin kampanje framfor lokalvalet 12. september. Det vart sett opp 5 ulike sykkel-etappar på dei ulike øyane. Alle starta kl 14.00 frå sine utgangspunkt og møttes på Ytterland.

Slik såg etappane ut:

Sykkelaksjon 2011

Foto: RGS

1) Roald – “bak fjellet” på Valderøya – Ytterland
2) Sætra – Ytterland på framsida av øya
3) Ytstevegen rundt Giske – Giskebrua- Ytterland
4) Valkvæ – Gjuv tur/retur Oppmøte i Valkvæ

Sykkelaksjon 2011

Foto: RGS

5) Solbakken skule – Vigra kyrkje

Tanken bak var å få ei felles oppleving av korleis det var å ferdast som mjuke trafikantar langs nokre av dei sentrale ferdselsårene i kommuna vår. Erfaringane frå turen skulle summerast opp og evt.gje innspel til den nært føreståande rulleringa av Giske kommune sin trafikktryggingsplan.

Ideen om å arrangere eit sykkelløp i Venstre-regi oppsto under Venstredamene i Giske sitt såpekokingsarrangement før jul på Skjong skule. Medan praten gjekk og såpene tok form vart det diskutert saker Venstre skulle rette fokus på. Behovet for eit vesentleg forsterka fokus på gang og sykkelvegar i kommuna er stort, særleg gjeld det trafikkbelasta strekningar på Vigra, Valderøy og Giske. Ei drastisk opp-prioritering når det gjeld sikring av mjuke trafikantar må til, om Giske kommune vil ta skikkeleg vare på
innbyggarane sine og gje folk lyst til å bu her.

Sidan det skulle vere val i haust fann Venstre ut at eit sykkelløp med slik fokus kunne inngå som ein del av kampanjen. Som sagt, så gjort.

Forutan god trim og godt humør på turen, fekk deltakarane nærkontakt med trafikktilhøva undervegs. Det vart fleire stopp med diskusjonar rundt det ein såg langs ruta.

Etappen frå Flyplassen via Gjøsund og yttersida av Valderøya til Ytterland var nok den ruta som vart opplevd som mest støyande og stressande, med jamn og stor trafikk i begge retningar. Vel framme på Ytterland møttes alle, både dei gåande og syklistane. Fleire parti var og representert: Ved sida av venstrefolk, som sjølvsagt hadde møtt talrikt opp, var også folk frå Høgre, Frp og Krf. Dette er nok ei sak som mange kan einast om.

Sykkelaksjon 2011

Foto: RGS

Nokre møtte opp med bil og spurte etter kaffien og kakene. Men det einaste som var å by på var vatn og mariekjeks.

Det oppsto elles ein spennande diskusjon rundt både trafikktiltak og infrastruktur i øysamfunnet Giske. Det vart og stilt spørsmål ved prioriteringar og prosessar, økonomi og ansvarstilhøve knytt til utbygging av fortau og gang- og sykkelstiar.

—"Er det eit hinder for at fortau skal kunne byggast at vegen er fylkeskommunal? Kan ikkje
veg og fortau handterast uavhengig?"

— "Sjå til Danmark, der gang- og sykkelvegane blir planlagt før bilvegane kjem på plass".

Sykkelaksjon 2011

Foto: Britt Nikolaisen

Ein ting var ein samde om: Det kokar ned til politisk prioritering og satsing. Deltakarane noterte ned nokre stikkord frå det dei hadde registrert og opplevd på turen som må utbedrast eller endrast.

Her i Giske ligg det frå naturen si side vel til rette for turing både til fots og på sykkel, men her trengs vesentleg satsing og tilrettelegging før ein kan sei at ein har gode trafikktilhøve for folk som vil velje sykkel og føter framfor bilen. Hermed er utfordringa kasta ut til politikarane våre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**