Skulebruksplanen på Tysnes

Veka etter Utøyatragedien utfordra Ap, Krf og Frp oss til å kommentere og debattere skulebruksplanen, og dei sama partia sin lovlegheitskontroll av vedtaket. Eg tykte då det var taktlaust og gjere det på det tidspunktet, men er no klar til å uttale meg om skulebruksplanen og kva eg meiner om slike bakstreberske handlingar som desse partia utfører.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


At desse partia klagar inn vedtaket er i god Krf-ånd, det har dette partiet gort med fleire av vedtaka kor dei har komme i mindretal. At desse partia har lova sine veljarar at dei skal få omgjort vedtaket etter valet er bra for oss alle å vite.
Fleirtalet etter valet vil avgjere korleis ein skal bruke dei midlane ein har til råde.
For veljarane må ein avgjere kven som vil nytta desse best mogeleg for fellesskapet.
Får Krf, Frp og Ap gjennopptatt saken og får gjennom sitt mindretalsvedtak er dette saken;
Dei bruker 25 millionar på ny barnehage i Uggdal
Dei bruker ikkje penger på naudsynte utbedringar på Tysnes Skule.
Dei legg ned 5-6 klasse på Onarheim Skule.
Kjetil Hestad har allerede uttalt at Ap vil gå attende på vedtaket om ny sjukeheim, så det blir også ein konsekvens av denne prioriteringa.

Alt heng saman, og ein må være så ærlig å sei at det vil bli snakk om korleis ein prioriterer etter valet!
Venstre står samla bak fleirtalsvedtaket frå kommunestyre i juni.
Venstre vil ha sentralbarnehage i Uggdal og Tysnesbygda.
Denne barnehagen vil bli dobbel så stor som om me byggjer ny. Lovpålagt må me byggje ein barnehage på 700 m2, men me vil bruke 1300 m2 til barnehage. Dette vil gje borna og personale, heilt andre forutsetningar for å få eit godt pedagogisk tilbod til borna.
Venstre vil ha Onarheim skule og barnehage slik den er i dag.
Onarheim vil med gjennomføring av planane der bli eit vekstområde på Tysnes.
Venstre vil ha ei 2 års prøveordning med barnetun i Lunde (barnehage og 1-4 skule)
Lunde er i gong med mange spennande prosjekt, dei må få tid til å gjennomføre tiltak for å få fleire born til bygda.
Venstre vil ha 1-10 skule i Tysnesbygda.
Me meiner dette vil bli bra for å nytta dei ressursane me har betre. Me må sko oss slik at me kan gje eit godt pedagogisk tilbod om det kjem trongare tider. Det vil bli tøffe tider med dei investeringane me lyt ta, me må hegna om kvaliteten i skulen.
Reksteren Skule blir mellombels nedlagd.
Forandrar bornetalet på Reksteren seg, vil Venstre ha det opp til ny vurdering.
Venstre meiner at det er på denne måten kan me få nytta ressursane våre best mogeleg.
Venstre vil ikkje kjempa for omgjering av vedtatte vedtak, men for å få gjennomført dei me har.
Venstre er eit parti som er utålmodig for at ting skal skje, eit parti som kjempar for at me skal gjennomføra dei mål og planar me set oss.

Torstein Hatlevik
Ordførarkandidat for
Tysnes Venstre

Torstein Hatlevik

Foto: Kari Østervold Toft

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**