Næringspark i Ulstein

Ulstein Venstre ønskjer alle bedrifter velkomne. Saman med lokale interesser vil vi at kommunen skal gå ut og møte desse bedriftene og gje dei gode rammevilkår. Ulstein Venstre vil at kommunen skal legge til rette for ein næringspark som gjer det enklare for små produksjonsbedrifter å etablere seg.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Eldar Knotten

Foto: Per Eide

I Ulstein har vi mange veletablerte bedrifter. For å sikre velferden framover treng vi likevel nye arbeidsplassar. Mange "grunderar" sit med gode idear og ønskje om å starte si eiga bedrift.Men det er vanskeleg å finne eigna lokale,særleg til produksjonsbedrifter.For ei nystarta bedrift er det ofte ein for stor kostnad å sette opp sitt eige produksjonslokale.

Vi i Ulstein Venstre vil derfor arbeide for å få etablert ein næringspark der små produksjonsbedrifter kan leige lokale. Vi kan jamføre det med det Borgstein har gjort på Stålhaugen,der dei har bygd lokale som mindre og større bedrifter innen sal,markedsføring,administrasjon,økonomi,perosnal etc.kan leige til ein fornuftig pris.Det fortener dei honnør for,og dette kan vere ein mal for korleis vi tenkjer oss eit anlegg der ein kan drive med produksjon av ulike typer.

Mange kommunar har ein næringssjef som arbeider for å få tak i ny-etablerarar,bedrifter og kjeder etc. Ein kan sjølvsagt diskutere om dette er ei kommunal oppgåve,men ein kommune som Ulstein bør ha ein pådrivar som arbeider for å gje ny-etablerarar betre vilkår og sørge for ein infrastruktur som fungerer. Ulstein Venstre meiner kommunen må være meir aktiv på dette området.

Ulstein kommune treng også å utvide samarbeidet mellom skule og dei lokale bedriftene.Her må ein t.d legge til rette for at mindre bedrifter også kan ta inn lærlingar. Fjerning av arbeidsgivaravgifta for lærlingar kan gjere dette muleg. Vi har ei TAF-ordning som fungerer godt og denne må utvidast med fleire plassar.
I Norge har vi eit godt regelverk som gjer at vi har ordna forhold både for arbeidstakar og arbeidsgjevar. Venstre meiner likevel at byråkratiet vert for stort. Norsk næringsliv brukar 54 milliardar på rapportering som følgje av reglar og skjemabelastning. Vi har eit mål om å minske dei administrative kostnadene for bedriftene med 25 % innen et til to år.Då kan 13 mrd kroner frigjerast til grunderverksemd og vidareutvikling av norske bedrifter.Det er rett og slett god samfunnsøkonomi. 90 prosent av norske bedrifter har mindre enn 5 tilsette. Med omsyn til busetting,distriktspolitikk og maktspreiing treng vi desse små bedriftene. Og det som er bra for dei små er oftast bra for dei store.

Det å starte som sjølvstendig næringsdrivande er viktig,- slik får vi nye framtidsretta bedifter.
Venstre meiner at dei som vil starte for seg sjølv bør oppmuntrast,- ikkje straffast.
Ein enklare Ulstein kommune.

For Ulstein Venstre
Eldar Knotten

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**