2 + 2 modellen (to år i skule og 2 år i lære) haustar Noreg mykje godord for internasjonalt. Dette er ein bra modell, men Venstre meiner at det også må være mogeleg å få fagbrev på anna vis. På samrådet som NHO hadde mellom politikarar og byggebransjen, kom næringslivet med svært gode alternative modellar for vegen til fagbrev. Større fleksibilitet i utdanninga ved at eleven får valfridom om dei ville begynne eller avslutte med teori, om dei vil ha ein større del av opplæringa i bedrift eller om dei ville kombinere teori og praksis over lenger tid, er viktige signal vi må ta med oss og omgjere til praktisk politikk.
Det er viktig at eleven kan velje sin veg. Dersom elevane skal få eit reelt val av vegen fram til fagbrev så trengs det eit nært samarbeid mellom skule og det lokale næringslivet. Dei elevane som er skuleleie, og som er lite mottakeleg for teoretiske kunnskapar, må og få utvikle sine evner og få sin viktige plass i arbeidslivet. Kunnskap er også praktisk dugleik.
Skal 2 + 2 modellen fungere er det ein føresetnad at det fins læreplassar når eleven skal ut i lære. Her er det mykje å hente både i offentleg og privat regi. Venstre ynskjer å ta bort arbeidsgivaravgift for lærlingar og feriejobbar for skuleelevar slik at det blir gunstig å utdanne vår framtidige arbeidskraft.
Marit Barsnes Krogsæter
Fylkesordførarkandidat for Venstre