Buss til folket, veg til næringslivet

Venstre ser ingen motsetnad mellom satsing på kollektivtrafikk og bedriftene sitt behov for betre vegar og enklare transport.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Mona_Haugland_Hellesnes

Foto: Reinhold Kager

Fjell festning
Torsdag kunne Tore Turøy og Fjell Venstre stolt visa partiet sin fylkesordførarkandidat Mona Hellesnes utsikta frå Fjell festning.

— Her ser eg heilt til Haugland på Askøy der eg voks opp, seier Mona Hellesnes, som i dag er ordførar i Venstre-bastionen Ulvik i Hardanger.

Til Fjell festning kom ho og Tore Turøy frå lunsj med direktør Kurt Andreassen på CCB. Han er sjølvsagt oppteken av spørsmålet om storhamn for Bergen, som ligg på fylkestinget sitt bord. Kombinasjonen Bergen hamn, Mongstad og Ågotnes er alternativet til å byggja ny hamn ved Flesland.

Oppteken er han også av Sotrasambandet og den vegopprustinga som næringslivet på Sotra og i Øygarden treng, enten Ågotnes vert del av storhamna eller ikkje.

Fleire behov å løysa
— Hamn er viktig og det er nyttig å få høyra argumenta for Ågotnes. Spørsmålet om nytt sotrasamband handlar likevel om mykje meir enn hamn, seier Mona Hellesnes.

Ho ønskjer ikkje å konkludera på vegner av Venstre i hamnesaka. I spørsmålet om Sotrasambandet står partiet derimot klart for den linja Tore Turøy har ført lokalt. Venstre vil rusta opp dagens samband over Litle-Sotra til Kolltveit med kollektivfelt og byggja nytt samband lengre sør på Sotra.

Slik vil dei rusta opp vegane for det næringslivet som allereie finst her, betra kollektivtilbodet for dei som bur og jobbar i regionen, samt opna nye områdesør på Sotra for bedrifter og busetjing.

Tore Turøy

Foto: ukjent

To-felts bru og ringveg
— Kring tredjepart en av dei som bur på Sotra, held i dag til i områda kring Straume. Her er andelen av kollektivreiser allereie god. Korleis skal kollektivfelt få fleire til å ta buss når Sotrabrua er flaskehals også for bussen?

— Me må gjera noko også med brua i nord. Her går Venstre for å byggja ny, tofelts bru. Viss ein bygger firefelts bru i nord er der ingen pengar til ringveg i sør. Då må strilar frå både Sotra og Askøy
stampa i same kø ved Storavatnet. Det vil heller ikkje bergensarane sjå seg tent med,
meiner Tore Turøy.

Mona Hellesnes understrekar at opprusting av vegen i nord og nytt samband sør på Sotra må seljast inn som ein samla vegpakke, ikkje to ulike prosjekt.

— Det er ikkje urealistisk å få dette til. Tvert om er ei pakkeløysing som spreier trafikken, det som skal til for å få regional semje om løysinga. Utan semje i regionen vert det ikkje noko nytt samband, seier Mona Hellesnes.

Ho viser til den lange kampen hennar region hadde for Hardangerbrua. Først då
regionen greidde å samla seg om ei fornuftig løysing vart det fart i prosjektet, meiner Hellesnes.

Privatbilen er blindveg
Venstre meiner at ei firefelts bru i høgspenttraseen til og frå Sotra ikkje vil vera fornuftig, fordi meir motorveg legg opp til meir privatbilisme som løysing i persontransporten.

— Me har sett gong på gong at i eit byområde som bergensregionen nyttar det ikkje å bygga nok veg til at alle kan køyra privatbil. I persontransport må me satsa kollektivt, seier Mona Hellesnes.

Kollektivtrafikk er også god næringspolitikk, meiner Tore Turøy.

— Viss fleire vert busspassasjerar til og frå jobb, vil det også frigjera plass til lastebilar og anna nyttetransport. I tillegg brukar arbeidstakarane mindre tid til og frå, seier Turøy.

For friskular
Etter omvisning i kanontårnet og festningsanlegget på Fjell drog Mona Hellesnes vidare til møte om skulepolitikk på Sotra vidaregåande skule. Lærarpartiet er ikkje framande for at fleire av deira medlemmer og veljarar kan få ein privat arbeidsgjevar.

— I prinsippet er me opne for friskular. Etter Venstre sitt syn treng dei heller ikkje stå for noko religiøst eller pedagogisk alternativ, men dei må sjølvsagt halda mål pedagogisk, seier Mona Hellesnes.

Fylkesordførarkandidaten meiner dei «kreative grepa» ein del friskular no nyttar for å få godkjentstempel som «alternative» er av det uheldige slaget.

— Her i Fjell er skulesjefen tydeleg på at dess fleire elevar den private Danielsen
skule har, dess mindre vert det att i potten til dei offentlege skulane?

— Som sagt er Venstre for friskular, men me er også for lokalt sjølvstyre. Det må bli ei vurdering i kvar kommune korleis ein nyttar ressursane best. For oss er det avgjerande å ha ein god offentleg skule, men me ser ikkje dei få friskulane som noko trugsmål mot den store, offentlege
skulen, seier ho.

Sp er ikkje distriktsparti
Hellesnes ser der imot tidlegare sentrumskamerat Senterpartiet som ein klamp om foten i kampen for å få fleire arbeidsplassar ute i distrikta. Ho hevdar at utviklinga var langt betre då Venstre sat i Bondevik-regjeringa, med tanke på utflytting av arbeidsplassar og desentralisering.

— Senterpartiet har ikkje greidd å få til noko anna enn vidare sentralisering som del av den sitjande regjeringa. Etter mitt syn er ikkje Sp noko distriktsparti, seier Mona Hellesnes.

Heile saken sto på trykk i Vestnytt laurdag 3. september.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**