Britt Giske Andersen – kandidat til fylkestinget

Britt Giske Andersen står på 6.plass på Venstre si fylkestingsliste og er ei superengasjert og energisk dame.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Britt Giske Andersen

Foto: Ove Paulsen

Britt er 44år, frå Giske, og jobbar til dagleg som avdelings-leiar i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre. Dei siste 8 åra har Britt vore aktiv som lokalpolitikar i Giske, som representant i formannskap, kommunestyre og leiar for Komite for miljø og kultur.

Ho er kjend for å vere brennande oppteken av gode løysingar for innbyggjarane i heimkommuna.

Britt seier:

Som fylkeskandidat vil eg spesielt arbeide for eit betre kollektivtilbod og vegnett. Eg set fisk framfor olje og vil gå imot oljeboring på Mørefelta.

Vi i Venstre er opptekne av reiseliv og tek næringa på alvor. Vi vil arbeide for større bevisstheit rundt reiselivet som eiga næring og vere ein aktiv tilretteleggar for vidare utvikling. Venstre vil ivareta vårt unike kyst- og fjordlandskap og gjere det tilgjengelig på ein miljøbevarande måte, m.a. med auka kollektivsatsing.

For innbyggjarane i Giske er det viktig å ha representantar som talar deira sak på fylkestinget.

Gje di stemme til Britt ved fylkestingsvalet. Stem Venstre og set eit kryss ved Britt Giske Andersen sitt namn. Ho er ein strålande ambassadør for Giske kommune!!!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**