Betre kår for frivillige organisasjonar

I eit lesarinnlegg krev Ordførarkandidat Kjell Yri betre vilkår for dei frivillige organisajonane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Dei frivillige organisasjonane som Musikklag, Idrettslag, Kristne organisasjonar, Sanitetslag m.m. driv ein imponerande samfunnsnyttig innsats. Ved å ta seg av og aktivisera barn og unge gjer dei eit arbeid som hjelper til at vi får mindre sosiale problem i kommunen.
Eit stort ulønna arbeid vert lagt ned — år etter år — av eldsjeler som ser verdien av dette arbeidet.
Venstre meinar desse organisajonane er gull verdt og må takast betre vare på.
Den kommunale stønaden til dei frivilige organisasjonane er vorten redusert dei seinare åra.
Venstre vil syta for at frivillighetsarbeid, spesielt der ein tek seg av barn og unge, må få betre kår.
Vi må sjå på direkte stønad og ikkje minst på utgifter til leige av t.d. kommunale anlegg.

Kjell Yri
Ordførarkandidat for Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**