Torstein Gunnarson

Presentasjon av ordførarkandidat Torstein Gunnarson.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Torstein Gunnarson er Venstre sin ordførarkandidat i Voss kommune. Gunnarson er pensjonist, men er ofte å finnna som guide om sommaren, og lærarvikar elles på året. Tidlegare var han kommunalsjef for barnehage og skule i Voss kommune.

tg

Foto: ar

Trass i passerte 70 år, er Venstres ordførarkandidat ein ivrig paraglidar. Når han ikkje heng høgt i lufta, er han særskilt kjent som ein grundig og ryddig politikar og organisasjonsmann. Mellom anna som leiar i Voss Idrottslag i perioden 2003 – 2009, og som politikar i kommunestyre og formannskap i perioden 2007 – 2011.

Av anna relevant erfaring, kan det nevnast at Gunnorson òg har vore fylkesleiar for Akershus Venstre, kommunestyremedlem i Ullensaker og medlem av Venstres sentralstyre på 80-talet.

Gunnarson har eit breitt politisk interessefelt, og er kjent for å vera engasjert, ryddig og samarbeidsinnstilt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**