Myter og realitetar i eit valgår

To tredjedelar av kommunale driftsutgifter går til grunnskole og pleie- og omsorgstenestar. Torleiv Robberstad har sett nærare på utviklinga.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Torleiv Robberstad

Foto: Tore Nilsen

I ein velkjent tegneserie seier sonen til Hårek: "Eg trur at alle eventyr og myter blir til når foreldre fortel om korleis det var då dei var barn". Men ein del myter oppstår i valgår, når partia vil overgå kvarandre i dyd og ansvarskjensle.

Det var den gråblå koalisjonen H/Frp/Pp som fastsette budsjetta for 2004 til 2007, og Kåre Jørgensen (Frp) skriv i Sandnesposten 19. mai at då skapte dei god kommuneøkonomi gjennom fornuftige prioriteringar og hard jobbing. I 2008-2010 var det H/Ap/KrF/V-fleirtalet som fastsette budsjetta, men Jørgensen meiner at dette er blitt fire dyre år med aukande gjeld.

Kva er så alle desse pengane brukt til? Rekneskapstala for kvart år kan du sjekke på Internett (ssb.kostra), og to tredjedelar av kommunale driftsutgifter går til grunnskule og pleie- og omsorgstenester. Her vil eg sjå nærare på desse, omrekna til 2010-kroner slik at det går an å samanlikne frå år til år.

Grunnskuleutgifter reknar ein pr innbyggjar 6-15 år. I 2004-2007 var dette talet mykje lågare i Sandnes enn i dei ni andre største kommunane, og auka med bare 630 kr pr år. I 2010 har Sandnes kome opp på høgde med dei andre store kommunane, fordi utgiftene har auka med 2.700 kr pr år dei siste 3 åra. H/Ap/KrF/V har altså satsa mykje meir på kvalitet i grunnskulen. Mange syns nok at det var klokt, særleg når me ser på det som nå skjer i Stavanger. Der har grunnskuleutgiftene i mange år vore monaleg høgare enn i Sandnes, men nå fortel Aftenbladet at dei må kuttast med i alt 99 millionar (=9%) dei neste åra. I praksis betyr det at Stavanger sine grunnskuleutgifter vil falle ned på 2004-2007-nivået i Sandnes. Det er slikt som Kåre Jørgensen meiner var fornuftig prioritering, men som mange i Stavanger syns vil bli heilt uforsvarleg og uhaldbart fordi skulebudsjetta der alt nå er "så stramme at det rammer elevene". Kva syns du?

Pleie- og omsorgsutgifter
reknar ein pr innbyggjar, fordi det omfattar så mykje meir enn bare eldreomsorg. Dette talet var lågare i Sandnes enn i dei andre store kommunane.
I H/Frp/Pp-perioden 2004-2007 auka dei bare med 161 kr pr år, men med 474 kr pr år i H/Ap/KrF/V-perioden 2008-2010. Dette viser auka satsing på pleie- og omsorgstenester.

I Sandnesposten 24. mai klagar Roald Lende (Pp) over at det ikkje har kome ein einaste ny sjukeheimplass i Sandnes dei siste tre åra. Men vanlegvis går det 2-3 år frå bystyrevedtak om å byggje ein ny sjukeheim og til pasientane kan flytte inn. Så manglande vedtak då Lende var i fleirtalet måtte føre til manglande utbygging dei siste åra. Derfor måtte H/Ap/KrF/V-fleirtalet kjøpe mange sjukeheimplassar i andre kommunar for å dekke forsømte behov frå H/Frp/Pp-tida, men det har dessverre ikkje hatt råd til å byggje opp att kapasiteten i heimetenestene til 2003-nivå.

Sandnes sjukehus skal no bli Sandnes helsesenter, med 40 rehabiliteringsplassar. Enkelte meiner at desse kan ein ikkje rekne med som sjukeheimplassar, men det er feil. For alternativet ville vere å bruke andre sjukeheimplassar til rehabilitering. Nesten alle veit at slike plassar er viktige deler av moderne og smidige omsorgstenester, og at dei vil bli endå viktigare når samhandlingsreforma blir gjennomført til neste år og kommunen må ta større faglege ansvar.

Ny sjukeheim på Høle: Er det ein god idé?
Målsetjinga er heildøgnsplassar for 25% av aldersgruppa 80 år og eldre, og for å sikre kostnadseffektiv drift bør ein ikkje byggje nye sjukeheimar med mindre enn 30-40 plassar. No bur det 965 menneske i Høle, så dei fleste pasientane på ein eventuell sjukeheim der må flytte dit frå andre bydelar. Er det klokt?

Sandnes er ein fattig kommune. Av dei ti største kommunane er det bare Tromsø som har litt lågare inntekter pr innbyggjar enn oss, og i Rogaland gjeld dette bare Klepp og Karmøy. Og lånegjelda aukar for kvart år. Budsjettering er å balansere mellom å yte gode nok tenester og ha godt nok budsjettresultat, og tala ovanfor viser at her fins det ingen mirakelløysingar. Kva som er godt nok? Ja, det er eit politisk ansvar.

Torleiv Robberstad (V)
Lesarbrevet stod på trykk i Sandnesposten i juni 2011.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**