Knut Olav Røssland Nestås

Presentasjon av Venstre sin andrekandidat til valet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Nestås

Foto: Vidar Herre

Knut Olav Nestås var Venstre sin andrekandidat til valet i 2011. Nestås er utdanna trafikklærar ved Høgskulen i Nord-Trøndelag, og driv på med ein bachelor i trafikkpedagogikk på deltid i perioden 2012 – 2014. I tillegg er Nestås i full jobb som trafikklærar og småbedriftsleiar for ei kursbedrift. Han har tidlegare jobba innan eigedom, m. a som trainee og eigedomsmeklar i Notar, og har i tillegg jobba som fungerande dagleg leiar i Aktiv Eigedom.

Av politisk erfaring har Knut Olav Nestås vore kommunestyrerepresentant sidan han vart innvald i 2007. Han har vore leiar i Voss Venstre sidan 2009. I perioden 2011 – 2015 representerer han òg Venstre i utval for nærings- og tiltaksarbeid. Nestås har eit breitt politisk interesseområde, men er særskilt oppteken av næringsutvikling, samferdsle og kunnskapspolitikk. Han har mellom anna jobba nært med saker som ungdomsråd, ungdomshus, trafikksikkerheit, utbygging av fleire omsorgsbustader og generell bustadbygging, reduksjon i arbeidsgjevaravgifta og ein generell reduksjon innan byråkratiet. Han har òg etterlyst eit eige gründerstipend for å fremja nyskaping, og har fleire gongar teke initiativ til planlegging med tilhøyrande utbygging og investeringar for å betra gang- og sykkelvegnettet i Voss kommune. Nestås er elles oppteken av ideologi og liberale idear, og seier han ynskjer å tenkja prinsipielt som lokalpolitikar. Nestås er kjent for å vera ein engasjert og ivrig debattant!

Knut Olav Røssland Nestås

Foto: Foto: Daniel Melve Kvarme/Avisa Hordaland

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**