Anne-Jorunn Ryum Møen

Presentasjon av Voss Venstre sin 3. kandidat.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Anne-Jorunn Ryum Møen er utdanna psykolog frå Universitetet i Bergen. Ho er spesialist i klinisk psykologi, og har i all hovedsak jobba med behandling, medan ho har dreve eigen praksis frå 1998.

Anne-Jorunn er styremedlem i Voss utferdslag, og engasjert i korleis naturen skal forvaltast framover. M. a korleis forvaltninga av Bømoen skal foregå, der kampsaka er at det fyrst og fremst skal tilretteleggast for ei vidareutvikling av Bømoen som fritidsarena. Andre saker ho brenn for, er tilrettelegging for næringsutvikling, styrking av skulehelsetenesta med kommunepsykolog som vil heva kompetansen i forhold til å hjelpe barn og unge i marginale situasjonar. Elles er Anne-Jorunn særskilt oppteken av kultur, skule og ein verdig eldrepolitikk.

Av politisk erfaring har Anne-Jorunn vore varamedlem til kommunestyret i perioden 2007 – 2011, fast medlem i Miljø- og kulturutvalet, samt nestleiar i Voss Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**