Vi må støtte opp om eldsjelene, seier ungdomskandidatane

Skodje Venstre skal vere eldsjelene si stemme i lokalpolitikken

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Utan frivilligheit stoppar Norge. Utan frivilligheit ville vi ikkje hatt gode sosiale lavterskeltilbud for dei blant oss som slit – eller eit breitt kultur- og idrettstilbud av høg kvalitet for alle. Venstre vil støtte opp om alle desse eldsjelene som bidreg til at lokalsamfunnet blir triveligare og meir spanande å leve i.

Det er vi som politikarar som set rammene for frivilligheit. Difor er det viktig at vi prioriterer folk framfor system, og lagar ubyråkratiske, enkle støtteordningar og rammer for dei frivillige organisasjonane, idretten og kulturlivet. Mens SVs Kristin Halvorsen brukte landsmøtetalen sin til å ville samle alt fritidstilbud for barn og unge innanfor skuledagen mellom 8 og 16, vil Venstre at de frivillige sjølv skal bestemme kvar, når og korleis dei skal bruke sitt personlege engasjement.

Vi lokalt må legge betre til rette for frivillig aktivitet for alle. Det gjer vi best gjennom enkle tilskotsordningar, rimelege lokaler og prioritering av frivillige initiativ ved økonomiske løyvingar.

Venstre skal vere eldsjelene si stemme i lokalpolitikken.

Kent Are Torvik Mads Andreas Utvik
UV og Skodje Venstre sin 3.kandidat UV og Skodje Venstre sin 8.kandidat

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**