Vi vil kome tilbake til søknadane ved budsjettbehandlinga i november-desember. Like etter hadde Anders Haslestad eit lesarinnlegg der han spesielt bad om at det må bli pengar til leirstaden Solmo på Vegårshei, som NFU (Norsk forbund for funksjonshemmede) i Aust-Agder vil oppgradere. Det er viktig for Venstre å støtte opp også om tiltak og bygg i nabokommunane som Arendalsfolk har god nytte av. Derfor meiner Venstre at Solmo skal få like positiv behandling som Vegårshei skisenter, Øynaheia løypelag, Arendal og omegn golfklubb på Nes Verk, Froland motorcrossklubb og fleire andre gode anlegg og aktivitetar som kjem heile distriktet til gode.
Jan Kløvstad, gruppeleiar for Venstre i Arendal bystyre