Venstre vil la læraren vera lærar!

Skuleelevane våre har krav på god undervisning! Kompetansen til læraren og samspelet mellom lærar og elev er avgjerande for elevane si faglige utvikling. Venstre vil satsa på læraren for å skapa ein god skule, fordi satsing på læraren også er satsing på eleven.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Skulane i Time har heldigvis mange kompetente og motiverte lærarar, som ønsker å gjera Timeskulen best mogleg. For Venstre er det viktig å la læraren få konsentrera seg om det som er kjerneoppgåva i skulen: planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning og læring. Difor vil vi arbeida for å fjerna tidstjuvane i skulen og la læraren bruka mest mogleg av tida si på undervisning. Nei til unødvendig byråkrati og skjemavelde!

Samtidig har vi born og ungdom som kan slita med å finna seg tilrette i skulen. For å sikra alle ein god og trygg skulekvardag går vi i Venstre inn for å rekruttera andre yrkesgrupper, som sosionomar og vernepleiarar, inn i skulen. Time Venstre ønsker òg å styrka skulehelsetenesta.

Ein kunnskapsskule treng faglig sterke lærarar. Dette har vi mange av i vår kommune, men vi har også mange som ønsker faglig påfyll og oppdatering. I kommunestyret vil Time Venstre gå inn for å setja av meir pengar til å kunne gi fleire lærarar økonomisk tilskot til kompetanseheving.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**