Venstre i god medvind på Voss!

Ein lokal gallup i Voss gir Venstre 10.6%, noko som ved valet ville ha gitt Venstre 5 repr. mot no 3 i kommunestyret.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Lokalavisa «Hordaland» offentleggjer laurdag 3. sept. ein fersk gallup. Her får Venstre 10,6 % mot 7,8% i 2007, og går fram frå 3 til 5 repr… Eit svært gledeleg resultat, seier ordførarkandidat Torstein Gunnarson.

tg

Foto: ar

Men marginen for den 5. representanten er svært snau – så her må alle stå på for å få fleire til å møta fram og røysta Venstre!

Den raudgrøne gruppa som har hatt ordførar i Voss dei siste periodane, har stadig fleirtal, jamvel om både AP og SP ser ut til missa mandat. Men SV har sett framhaldande vern av Raundalsvassdraget som ein absolutt føresetnad for samarbeid om leiinga i kommunen. Og utbygging er nettopp ei fanesak fpr Sp! Elles gjekk Høgre sterkt fram, frå 3 til 6 repr. .

Lokalavisa meiner derfor at valet er heilt opent når det gjeld fleirtalsgruppering og val av ordførar og varaordførar. Også Venstre er inne i spekulasjonane her. TG

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**