Kjære førstegongsveljar

Nytt stemmeretten din!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Gratulerer med retten din til å stemme. Det er ein
viktig rett som eg vonar du tek vare på. Den er ingen
sjølvfølge. Demokratiet tilhøyrer heile folket — også
deg. Bruk stemmeretten, det er din måte å ha innverknad
på korleis Skodje skal styrast dei neste fire åra.
Valet mellom partia kan være vanskeleg. Sjå litt bak
enkeltsakene, og sjå på verdisynet — ideologien. Det gir
samanhang i standpunkta.
Venstre er Noregs sosialliberale parti. Vi har tru på den
enkelte sin fridom og ansvar, ikkje på system eller på
grupperingar av menneske. Vi trur på demokratiet,
rettsstaten, ein fri økonomi og sosialt ansvar. Dette er
grunnpilarene i det liberale samfunnssynet.
Framføre dette valet har Venstre fire hovudsaker: Miljø.
Kunnskap. Velferd. Verdiskaping. Bak desse orda har
vi store ambisjonar og konkrete forslag for framtidas
Skodje.

Skodje Venstre vil at omsynet til miljøet skal ligge i
botnen for all planlegging og verksemd i kommunen
Skodje Venstre vil at skulen skal vere prega av fagleg
utvikling og at alle elevar skal få likeverdige tilbod ut
frå sine føresetnader
Skodje Venstre vil ha strekare lokaldemokrati og meir
lokalt ansvar – slik at omsorg og velferd kan ytast nært
den einskilde brukar.
Skodje Venstre ønskjer eit kreativt og nyskapande
næringsliv

Framtidas velferd krev sterk satsing på kunnskap — i
skule, høgare utdanning og forsking, og gjennom
satsing på nye bedrifter.Ei god omsorg for stadig fleire
eldre, krev vilje til nytenking i organiseringa av velferden.
Elles blir skattebyrden urimelig stor for deg når
du blir eldre.
Les meir om Venstres grunnsyn og politikk i
valbrosjyra vår og på nettsidene våre (venstre.
no, skodje.www.venstre.no, liberal.no og Unge Venstres
ungewww.venstre.no).
Valet er ikkje bare raudt eller blått. Dei beste løysingane
ligger i midten:
Det sosialliberale og grøne Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**