Frivillighet er viktig

Korleis støtte opp om kultur- og idrettsmiljøet i Bø? Les kva Kristin Ødegård Vestgarden skriv i sitt lesarinnlegg i Bø Blad 1. september 2011

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Frivillighet er viktig!
Korleis støtte opp om kultur- og idrettsmiljø i Bø? Bø kommune har dei siste åra ikkje hatt mykje økonomiske resursar til å hjelpe det frivillige arbeidet i Bø. Dette miljøet står veldig sterkt i kommunen takka være alle dei som legg ned utallige gratis arbeidstimar. For barn og unge er det å tilhøre eit miljø på fritida noka av det viktigaste, i tillegg til ein god skule, for å ha ei positiv og god barne- og ungdomstid. Noko som igjen vil vera med på å gjera ein godt rusta for vaksenlivet. Kva aktivitetar ein er med på er ikkje viktig, det er fellesskapet og miljøet som betyr noko. Bø Venstre sitt program til valet har to heilt konkrete innspel som kan vera med på å gjera kvardagen litt enklare for dei frivillige organisasjonane.

1. Bø Venstre vil be administrasjonen i Bø kommune å sette i gang prosjekt som har som mål å gjera det mogleg for frivillige organisasjonar i Bø å ha same forsikringsavtaler og strømavtaler som kommunen sjølv har.

2. Bø Venstre vil gje Frivilligsentralen i Bø midlar tilsvarande ein 50% stilling. Personen som har ei slik stilling skal kunne brukast av alle frivillige organisasjonar i Bø til å søke eksterne midlar.

Gullbring er eit fantastisk hus som rommar det meste. Om du sit ein time eller to i kafeen i Gullbring ser du eit hus som pulserar. Her er eldre som tek sin daglege symjetur, dei unge sit og gjer lekser eller skal ha time på musikkskulen. Nokon har eit møte rundt eit bord, nokon skal på handballkamp eller på trening, mens andre skal på kino med kjærasten. Kort sagt er detta huset så viktig for alle som bur i Bø at om me investerar i Gullbring, investerar me i livskvalitet og framtida for alle, unge som gamle.
På Bø Venstre si liste til kommunevalet er det namn som har mykje erfaring og lang fartstid i det frivillige arbeidet. Det er viktig å ha folk i det politiske miljøet som veit kvar skoen trykker.

Gje Venstre stemma di!
Kristin Ødegård Vestgarden

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**