Engasjerte ungdomskandidatar stiller til val

Kent Are Torvik og Mads Andreas Utvik, begge 19 år, er opptekne av at ungdomar må engasjere seg i samfunnsspørsmål og delta i politisk arbeid.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Kent Are Torvik (student) er politisk nestleiar i Møre og Romsdal Unge Venstre, og styremedlem i Unge Venstre, Ålesund og Omegn.
Mads Andreas Utvik (kokkelærling) er styremedlem i Møre og Romsdal Unge Venstre, samt i Ålesund og omegn.
Vi er begge engasjert i lokalpolitikk og valde difor med stor glede å stille som listekandidatar for Skodje Venstre ved kommunevalet 2011-2015.
Etter at vi blei engasjert i politikk for rundt eit år sidan, så har vi fått mykje glede og erfaring av det vi har fått sjansen til å oppleve med Venstre og Unge Venstre.

Nokre sakar som er viktig for oss og Skodje Venstre:
-Utvide lavterskeltilbod for psykisk og fysisk helse for ungdom
-Arbeide for eit trygt fritidsmiljø også for dei som ikkje deltek i organiserte tilbod
-Videreutvikle kulturskulen gjennom styrking av det faglege innhaldet og samhandling med dei friviljuge organisasjonane.
-Legge til rette løysningar for innfartsparkering ved knutepunkt for off. kommunikasjon td. Dragsundet, Digerneset, Stette og Straumen
-Betre offentleg interkommunikasjon mellom bygdene og fiberoptiske kablar til heile kommunen

Vi er stolte av å representere Venstre, som dei yngste ungdomskandidatane i Skodje kommune. Men er ikkje nøgd med at det er så få unge kandidatar frå dei andre partia.
Det er ingen andre kandidatar i partia sine kommunelister som er født etter 1983 om vi ser vekk ifrå oss. Det er bekymringsverdig at vi ikkje har eit hint av konkurranse fra de andre partia når det gjeld satsing på ungdomskandidatar. Vi vil difor prøve å jobbe for å engasjere ungdom politisk i lokalmiljøet.
Det er minst like viktig at moderpartia hjelper til med det som er nødvendig, kjem med idèar og støtte når det trengs.
Med det vil vi applaudere Skodje Venstres veteraner for å hjelpe til og ikkje minst ha tru på oss og gi oss unge ein sjanse.

Lukke til med ditt val!

Kent Are Torvik 3. Kandidat
Mads Andreas Utvik. 8. Kandidat

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**