Eldreomsorg aktuelt også i valkampen i Voss

Også Venstre i Voss får spørsmål om kva partiet meiner om eldreomsorga . Ein kort løpesetel blei derfor delt ut på stands laurdag 3. sept.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Med eldreomsorg tenkjer vi til vanleg på heimetenester (heimehjelp og heimesjukepleie), omsorgsbustader og sjukeheimar.I tillegg har vi no fått samhandlingsreforma, med lokalmedisinsk senter, førebygging og rehabilitering som sentrale ord. Her får Hagahaugen ein sentral plass.

I Voss kommunestyre er det full semje om dei viktigaste tiltaka; vedtatt i ein temaplan om omsorgstenester og i opplegget for vidare planlegging av tiltaka i samhandlingsreforma.

Venstre meiner slik — og vil arbeida for – at det viktigaste no er fleire sentrumsnære omsorgsbustader og meir vekt på heimetenester.

Men kommunen bør i større grad samarbeida med private og organisasjonar; med private utbyggingsfirma (slik som no på gang for bustader på Framnes), og med frivillige om eit breitt aktivitets- og kulturtilbod.

Voss Venstre vil elles m.a. arbeida for større mangfald i butilbodet til eldre, tilbod om heimebesøk for vurdering av helse- og omsorgsbehov, og at tenestene må verta meir individuelt tilpassa — for eksempel med vaktmeistertenester. TG

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**