OPPSUMMERING FRÅ KOMMUNESTYREGRUPPA 2007-11.
1. Val/Konstituering/ tillitsvalte.
a. Valet 2007 gav følgjande resultat til kommunestyret:
Jon Ove Lomheim og Ellen Borch Veum innvalde som faste medlemar i kommunestyret.
Jon Ove valt som gruppeleiar for partiet.
Vara: Steinar Bruheim, Vidar Aasen, Erling Bjørnetun, Jeanette Aaland Brun, Gudny Alme
I april 2009 fekk Ellen fritak for sine valte verv og Steinar vart fast medlem medan Tordis Skjerdal Rauboti vart ny varamedlem.
b. Konstituering:
Formannskap: Jon Ove 1.vara og Ellen 5.vara (på fellesliste med SP/H)
Plan- og Forvaltningstyre: Ellen fram til april 2009, deretter Tordis ut perioden.
Kontrollutvalet: Gudny med Steinar 1.vara
Komitear: Jon Ove leiar for "Arbeidsvilkår for folkevalte" (avslutta 2008)
Ellen vara i "Styringsgruppa for kvinnerekruttering" (blitt erstatta medTordis)
Ellen medlem "Lustraidentitet" (Jon Ove gått inn i komiteen november 2008) – avslutta januar 2009
Steinar medlem i komite for "Rettferdig handel"
2. Politiske saker.
A. Generelt
I heile periode har vi hatt fast gruppesamarbeidet med SP og H. I enkelte prinsippielle saker så er partia inforstått med at ein har avvikande syn (arealplan, kraftutbygging, miljøsaker, jordvern osv.)
B. Viktige saker for Venstre der vi har vore i fleirtal eller samrøsystes.
Venstre støtta framlegget om kraftutbygging på Veitastrond, men kjempa for kabling av høgspent forbi Hafslo-bygdi noko utbyggar til slutt aksepterte og vedteke av kommunestyret.
Arealplan.
Venstre var aktiv ved første utlegging med endringsframlegg til redusert utbygging på dykra mark, og Fylkeslandbruksstyret/ Fylkesmann hadde mykje samanfallande syn. Venstre fekk såleis mykje gjennomslag ved andre gongs handsaming og utleggingg, men nedbygging av dyrka mark vert større enn Venstre ønskjer.
Venstre bad i eige skriv til formannskapet og ved oppslag i Sogn Avis om at formannskapet "parkerte" framlegget om sentralisering av kjøkentenesta i omsorgsektoren. Formannskap/ kommunestyre slutta seg til dette.
Utgreiingsprogram for konsesjon til bygging av restvassføring Jostedal med Vigdøla.
Her fekk Venstre gjennomslag for dei fleste framlegga om tilleggsutgreiingar i utgreiingsprogrammet, mellom anna reduserte utbyggingsalternativ.
Hindra strukturendring av skulane (utanom frivillig nedlegging av Fortun skule)
Miljøplanen:
Då denne vart handsama første gong i kommunestyret hadde fellesgruppa SP/H/V ei rekke endringsframlegg. Dette vart så omfattande at AP/KrF/SV og FrP ikkje var i stand til å ta stilling til det, så planen vart sendt attende til rådmann til ny vurdering. Då saka kom igjen til formannskapet kom rådmann med same tilråding som fellesgruppa hadde framlegg om, men med nokre tekstjusteringar. I kommunestyret vart så dette vedteke med unntak av eit punkt der Venstre blei ståande igjen åleine om å avslutta tilbodet om subsidiert straum til næringskundar, dvs. SP/H trekte seg frå vårt fellesframlegg i 1.møtet og følgde fleirtalet ved endeleg godkjenning.
H trekte seg også frå eit framlegg om at "Kommunen skal vera restriktiv med å tillata nedbygging av dyrka mark" , men her sikra KrF og Frp oss fleirtal.
C. Viktige saker for Venstre der vi har vore i mindretal.
Engjadalselvi.
NVE avslo konsesjonssøknaden på utbygging av Engjadalselva og la mellom anna vekt på Luster Venstre sine synspunkt.
Ved ankesøknaden frå Luster Småkraft så vart det fleirtal i kommunestyret mot konsesjon. I tillegg til AP/SV fekk Venstre også støtte frå FrP og utbrytarar av KrF.
NVE tilrådde heller ikkje ankesøknaden og ankesøknaden vart så trekt av søkjaren (og sake er endeleg avgjort).
Jotunheimen nasjonalpark Høyring verneforskrift …
Venstre fremja framlegg om å oppretthalda krav om minimum 1000 m høgde ved turistflfyging over verneområde. Fekk berre støtte frå SV.
Fortun kraftverk
For utgreiingsprogram til vidare utbygging av Fortun kraftverk fekk V støtte frå H/SP om eit meir omfattande utgreiingsprogram med mellom anna alternative plasseringar av dammar, inntak, trase for kraftlinjer og vegtrasear mv. Dette vart nedstemt av resten av kommunestyret (inklusiv SV).
Ved konsesjonssøknaden (etter utgreiingsarbeidet) var Venstre, SP og FrP i mindretal for utbygging av Ilvatnet, men mot utbygging av ny dam og kraftverk ved Øyane. Fleirtalet (resten av kommunestyret ville ikkje ta stilling til søknaden, men bad om å koma i forhandlingsposisjon med Hydro). Utfallet er usikkert.
Skulen og barnehage
Delingstimar som inngår i rammetimetale har vorte redusert kommunestyret i denne perioden, men Venstre har forsøkt å hindra dette ved omprioritering. Venstre berre delvis fått gjennomslag for å auka opp delingstimetalet. Høgare prioritering av barnehage har heller ikkje lukkast.
Jfr. elles budsjett.
D. Budsjett.
2008:
Timeressursar i skulen.
Venstre fekk støtte frå SP/H og Frp om å auke føreslått timeressursar til delingstimar i skulen med 0,5 årsverk, men med ordføraren si dobbeltrøyst vart dette nedstemt.
Spreidd busetnad:
Fellesframlegget frå SP/V/H på 100.000 kr til spreidd busetnad og fekk fleirtal med støtte frå KrF (formannskapet hadd framlegg om reduksjon).
2009:
Venstre har vore klar på frå første økonomiske utgreiinga til rådmann februar 2008 om at bygging av "Luster Bad" vil få for store negative konsekvensar for anna drift i kommunen og redusert tenestetilbod.
Venstre fekk berre støtte frå SV på å stoppe planlegginga av det store badeanlegget, og staden starte med planlegging av 25-meters basseng ved Ungdomsskulen. Heldigvis har dei økonomiske rammevilkåra (auka inntekter) meir positive dei to siste åra enn forventa, slik at konsekvensane for tenestetilbode ikkje blir så store som frykta.
2010:
Luster BAD vedteke og handlingsrommet for kommunen redusert, men Venstre klar på at vi ikkje vil endra skulestrukturen. Venstre ville avslutta subsidiert straum til næring og hindre reduksjon til frivilligt arbeid (støtte til kuluraktivitet og drift/ vedlikahald forsamlingshus/ idrettsanleggkulturbygg og nærmiljøanlegg), men blei åleine om det.
Venstre har i perioden ville avslutta subsidiert straum til næring med storforbruk (dette gjev i 2011 omlag 720.000 kr. i tapt kraftsalsinntekt for kommunen). Med desse kraftinntektene ville Venstre prioritera til andre føremål og alltid i hovudsak til auka støtte på kuluraktivitet på fleire område (aktivitet barn og unge, refusjon til drift og vedlikehald av idrettsanlegg, forsamlingshus/ kulturbygg, friviilligheitssentral, prosjektmidlar nærmiljøanlegg og andre lokale tiltak som veglys m.m. ), men Venstre har vore åleine om dette. Resten av kommunestyret har gått for reduksjonar på alle desse områda i motsetning til Venstre.
På investeringssida signaliserte vi auka midlar til Hafslo barne- og ungdomsskule samt forsering av framdrifta for skulen og barnehagen. Ekstra midlar og forsering til Hafslo skule blei det til slutt samrøystes i kommunestyret.
Framlegg frå Venstre om forsering av barnehagen 1 år, blei Venstre åleine om.
E. Interpellasjon, førespurnadar og initiativ til saker.
Venstre nyttar høve til å ha interpellasjonar og initiativ til fortgang/ prioritering av saker so dukkar opp, som vi føler ikkje vert prioritert nok av rådmann og ordføraren.
Vår siste interpellasjonen var om initiativ til etablering av rein i Breheimen.
Vil du vita om andre saker Venstre har jobba med så ta kontakt med kommunestyrerepresentane eller styret.
Jon Ove Lomheim
(gruppeleiar)