Eit lokalval er eit lokalval

Endå ein gong opplever vi ein lokalvalkamp der dei sentrale partitoppane drar frå fylke til fylke med den rikspolitiske bodskapen sin, mens statsrådane reiser land og strand rundt med generøse lovnader og rause gåver til gode føremål frå regjeringa sitt eige «valkamp-budsjett». Dermed risikerer vi at også årets lokalval vil drukne i støyen av rikspolitiske saker og pr-kåte statsrådar og partileiarar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Som lokalpolitikar for Venstre i Fjaler har eg tidlegare åtvara mot denne utviklinga. Når avstanden mellom den rikspolitiske bodskapen — og veljarane sitt lokale røysteoppdrag vert for stor, risikerer vi at veljarane reagerer med likesæle og manglande engasjement. Med ei stadig lågare listedeltaking og valoppslutning som resultat.

Fleire lokale og regionale aviser har så langt i valkampen vist gode intensjonar om å få fram lokale saker. Men så snart ein rikspolitikar dukkar opp for å profilere regjeringa eller partiet sitt, får dette førsteprioritet av eit samla pressekorps — med rikeleg sendetid eller ei obligatorisk heilside og stort portrettfoto der dei lokale partihåpa smiler kledeleg i bakgrunnen.

Etter over 20 år i lokalpolitisk arbeid, vil eg hevde at lokaldemokratiet og det kommunale sjølvstyret vert meir og meir vengeklippa og innhaldslaust. Kommunane blir i stadig større grad detaljstyrte og detaljregulerte av stat, regjering og Storting. Denne utviklinga må rikspolitikarane snarast ta på alvor.

Ingen er betre skikka til å ivareta lokaldemokratiet og kommunens interesser enn dei lokale folkevalde. Så kan rikspolitikarane i staden bruke kreftene på å sikre kommunane rimelege og forutseibare økonomiske rammer, og å minske statleg øyremerking, detaljstyring og unødig formynderi.

Årets lokalval er ikkje ei folkerøysting verken over regjering eller opposisjon. Den vurderinga kan veljarane trygt vente med til stortingsvalet i 2013. Årets val er innbyggarane sitt høve til å seie si ærlege meining om lokale saker og felle sin dom over lokalpartia og den lokalpolitiske leiarskapen.

Lokal- og fylkeslaga bør dempe bruken av ekstern drahjelp og rikspolitisk kjendiseri. I realiteten har rikspolitikarane lite å bidra med i eit lokalval — anna enn kanskje å skygge for dei lokale sakene. Og ikkje gløym at toppolitikarane har heile riksmedia-apparatet å spele på under valkampen. I Fjaler Venstre ynskjer vi sjølvsagt våre eigne rikspolitikarar hjarteleg velkomne til vakre Fjaler – når det måtte vere, men helst ikkje dei siste par vekene før eit lokalval.

Hogne Kvangarsnes, 1. kandidat for Fjaler Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**