Du kan i alle fall klage!

Siste nytt frå Kristin Halvorsen er at ho ønskjer å lovfeste eit tal på kor mange elevar det skal vere i ein klasse. Som vanleg når regjeringa får kritikk eller støyter på eit problem, er svaret å gi kvar og ein av oss ein juridisk rett. Men det løysar dessverre ingenting.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Du kan i alle fall klage!
Siste nytt frå Kristin Halvorsen er at ho ønskjer å lovfeste eit tal på kor mange elevar det skal vere i ein klasse. Som vanleg når regjeringa får kritikk eller støyter på eit problem, er svaret å gi kvar og ein av oss ein juridisk rett. Men det løysar dessverre ingenting.

Først kom den berømte skulefrukta. Korleis kan regjeringa tru at eit halvt eple om dagen kan utgjere ein forskjell? Og når blei det eit kommunalt ansvar å sørgje for dette halve eplet? Kvifor kunne ikkje skulefrukt bli administrert på same måte som skulemjølka? Foreldra får ein lapp, kryssar av for om de vil at den vesle håpefulle skal ha frukt til skulematen eller ikkje — og betalar deretter. For skulane på Hareid og i Ulstein kunne t.d Ulshav AS — som allereie leverar frukt til bedriftene i området — levert frukta, og på den måten få nye kundar og sikre aktiviteten på akkurat dette området.

Så kom leksehjelp. No er det lovfesta gratis leksehjelp for dei minste elevane. Tilbodet i dag er først og fremst ufaglært hjelp. For det første veit vi at born som slit med å lese og rekne i barneskulen treng ei pedagogisk oppfølging, som igjen krev ei kompetanse. For det andre veit alle som har born i skulen, at det er først i fjerde eller femte klasse at du ikkje lenger greie å hjelpe ditt eige born med t.d matteleksene. Skal hjelpa først vere ufaglært, kan foreldra gjere jobben likså godt.

Og kva med forslaget om lærlinggarantien? Tidlegare i sommar blei det påpekt eit problem med at lærlingar ikkje fekk lærlingplass. Det gjekk ikkje lang tid før regjeringa foreslo at lærlingplass skulle bli nedfelt som ei rett. Og kven skal ha ansvaret for at den blir oppfylt? Kommunane? Fylket? Arbeidsgjevarane? Regjeringa sjølve? Kvifor ikkje, som foreslått til det kjeisame av Venstre, gje arbeidsgjevarane fritak for arbeidsgjevaravgifta for lærlingar, eller andre ordningar som vil motivere bedriftene, og kanskje særleg dei små, til å ta inn lærlingar.

Til slutt har vi den mykje omtalte eldregarantien. Og vi veit alle kva statsministeren svarte då han blei utfordra i forhold til dei som ikkje får sjukeheimsplass.

I staden for å sette inn tiltak som kan varig løyse desse utfordringane, er regjeringas stadige svar å gje oss rettar og nye lovar. Så til tross for alle rettane regjeringa gjer oss. Om der ikkje finnast pengar. Eller kompetanse. Eller plassar. Om dei ikkje er moglege oppfylt. Du får sende inn ei klage!

Den første anledninga får du måndag 12. september.

Berit Lyngstad
Ulstein Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**