Venstre med rekordmåling i Ullensvang

I Ullensvang får Sverre Kleivkås og Ullensvang Venstre 18 % oppslutning.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Sverre Kleivkås

Foto: Mathias Fischer

I ei meiningmåling for Ullensvang herad er det heller små endringar samanlikna med valet i 2007. Bortsett frå at Venstre ser ut til å gjera eit svært godt val. På målinga vår doblar Venstre talet på representantar i heradstyret frå to til fire.

Venstre får ein oppslutning på 18 prosent og fire mandat. Toppkandidaten, Sverre Kleivkås, seier at han er lukkeleg over at folk høyrer etter og har fått med seg sakene Venstre brenn for i Ullensvang. Kleivkås er vidare overtydd om at skulesaka er hovudårsaka til at Venstre gjer det såpass bra på målinga. Partiet har gått inn for å oppretthalda eksisterande skulestruktur og behalda alle skulane.

— Men eg veit samstundes at ei måling ikkje er det same som valresultatet og at vi held fokus på å få fram sakene våre fram mot valdagen, seier Sverre Kleivkås til Hardanger Folkeblad.

Les meir om meiningsmålinga på side 6 og 7 i fredagsutgåva av Hardanger Folkeblad.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**