– Å oppretthalda skulekrinsane slik dei er idag er med på å halda dei einskilde grendene levande, understreker Kleivkås. I meiningsmålinga i HF fredag får Venstre får ei oppslutning på 18 prosent.
Inspirerer
– Ei god måling med flott auke for Venstre, er med på å inspirera til ein god innspurt i resten av valkampen, sier han.
Læraren viktig
– Læraren er den viktigaste ressursen me har i skulen. Det er viktig å leggja til rette for etter- og vidareutdanning slik at me også i framtida kan ha gode og kvalifiserte lærarar i skulen vår.
Han trur og det er viktig å leggja til rette for bustadfelt i kvar krins, for å i framtida gje fleire ungar i skulen.
Andre viktige saker for Venstre i Ullenvang
Arbeida for meir midlar til rydding av vegane, slik at innbyggjarane og turistar, slepp å køyra gjennom ein grøn tunell, men heller få sjå den flotte fjorden me har i heradet.
Venstre vil og støtta initiativ til foredling av lokalprodusert mat og anna verdiskaping basert på gardane sine ressursar. Det bør verta betre vilkår for lokalproduksjon av øl og sider.
Sjå og Venstres program og lista i Ullensvang.