Støtt opp om Ringerike sjukehus

Lesar-innlegg i Hallingdølen 1. september 2011.

I kommunane er det no stort fokus på Samhandlingsreforma og kva konsekvensar denne vil ha for helsetenestene våre, og ikkje minst kva den vil bety økonomisk.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Kommunane i Hallingdal har gjennom prosjektet «Lokalmedisinsk senter» nært samarbeid med Vestre Viken for å ivareta eigne interesser og den vidare utviklinga av Hallingdal sjukestugu. Som lokalpolitikarar og innbyggjarar i Hallingdal er det og viktig at me er opptekne av kva som skjer internt i Vestre Viken, og kva konsekvensar det kan ha for dei tenestene som i dag ligg til Hallingdal sjukestugu. Ringerike sjukehus som eitt av fleire sjukehus i Vestre Viken er så godt som borte som merkevare. Kva gjer det med oss at me ikkje lenger snakkar om Ringerike sjukehus når me omtalar lokalsjukehuset vårt? Ringerike sjukehus var kjent i landet som eit lite, veldrive sjukehus med gode fagmiljø, og med tillit i befolkninga, men er no redusert til ein del av eit skakkøyrt sjukehusvesen, iallfall slik det framstår i media og mellom sentrale politikarar.

Eg er redd Vestre Viken-namnet skaper distanse og gjer oss sløve for kva som skjer.

Som lokalpolitikar har eg lenge bekymra meg for utviklinga. Frå å vere eit veldrive sjukehus med tydeleg fokus på kvalitet og god økonomistyring, har sjukehuset etter mi meining vorte «vengeklipt», og har no minimalt handlingsrom. Slik det no er organisert har verken Hallingdal sjukestugu eller Ringerike sjukehus lokal leiing. Avdelingane er organisert i faglege einingar som er gjennomgåande i heile Vestre Viken. Det kan ha føremoner med større fagmiljø som forhåpentleg evnar å sjå heilskapen. Ulempene er slik eg ser det lang avstand mellom beslutningstakarar og tenestemottakarar og mangel på lokal tilknyting og identitet, som eg meiner er avgjerande for å sjå dei gode løysingane lokalt.

Hallingdal sjukestugu og Ringerike sjukehus har lange tradisjonar for å skape gode løysingar for lokalbefolkninga i Hallingdal, avgjerande for dette har vore ei leiing som har sett verdien av at tenestetilbodet ligg der folk er.

Kva som skjer i den vidare prosessen med funksjonsdeling mellom sjukehusa i Vestre Viken vil vere avgjerande både for Ringerike sjukehus og vidare drift ved Hallingdal sjukestugu. Med einsidig press på økonomi er det grunn til bekymring for dei beste løysingane på lang sikt. Sterke fagmiljø på Ringerike sjukehus er heilt avgjerande for tenestetilbodet ved Hallingdal sjukestugu. Når fokuset vert einsidig på økonomi, mistar ein perspektivet på totalkostnaden for folk flest og samfunnet elles. Med dei store økonomiske utfordringane i Vestre Viken, kan dei gode intensjonane i Samhandlingsreforma spele fallitt før den er sett i verk.

Eit demokratisk problem er mangel på politisk styring av sjukehusa. Som lokalpolitikarar må me arbeide både gjennom partikanalar (med eit spesielt ansvar til dei som sit i regjering), og gjennom Regionrådet for Hallingdal for å synleggjere konsekvensane for den politikken som vert ført. Lokalt må me passe oss for ikkje å sovne i timen, men sjå at Samhandlingsreforma ikkje berre handlar om korleis me organiserer dei kommunale tenestene interkommunalt og i møte med sjukehuset. For at me fortsatt skal ha eit godt tilbod om spesialisthelsetenester ved Hallingdal sjukestugu, er me avhengig av eit lokalsjukehus som kjenner lokalmiljøet og ei leiing som er «tett på» der tenestene vert utforma slik at kreativitet og gründermentalitet framleis kan prege tenestene i distriktet vårt. [em]

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**