Ny skule i Tysværvåg!

Me i Venstre vil gå for ny skule på Troppene ved Falkeid sitt idrettsanlegg. Med ny idrettshall som kan brukast av alle som treng det, og i tilknyting til skule/idrett og kajakk anlegget!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Skolebarn

Foto: Microsoft

Redaktøren i Tysvær Bygdeblad skreiv så fint i leiaren sin, sola skin på Tysværsvåg.

Einaste minuset er skulebygningen, står det. Det er me vel alle einige i.

Så nå er tida inne for skulen i Tysværvåg! Ikkje om 10-15 år, men nå! Innan 5 år skulle det ikkje være noko problem å få det til! Men då må me starte nå.

Me i Venstre vil gå for ny skule på Troppene ved Falkeid sitt idrettsanlegg. Med ny idrettshall som kan brukast av alle som treng det, og i tilknyting til skule/idrett og kajakk anlegget! Området blir da eit komplett oppvekst/kultur og idrettsanlegg for heile bygda.

Eg har nå sitte 4 år i oppvekst og kulturutvalet i kommunen og har vært på befaring på nye Frakkagjerd barneskule, og ombygde Nedstrand barne- og ungdomsskule, og sett kor flott det har blitt. Har også vært på Grinde skule og sett ombygningane som er gjort der, her treng det nok meir i åra som kjem men dei er nå i gang og det som er gjort blei veldig bra..

Så nå er det Tysværvåg som står for tur! Snakka med rektor på skulen i Tysværvåg og ho kunne bekrefte at det ikkje var gjort nokon utbetringar anna enn maling og lette interiør investeringar sidan sørhuset blei bygd i 1997.

Troppene blir eit flott område for ein ny og framtidsretta skule, området har også sykkel og gangsti frå Slåttevik/Mjåsund felta og frå Bjørnsvik. Det manglar s/g nordover mot Høyvik, men det er med i trafikksikringsplanen, og med så mange små barn på den strekninga så får ein håpe det snart kjem!

Skule og s/g mot Høyvik er nok dei to sakene som eg brenn mest for.

Til min store glede har eg registrert at det er mange parti i denne valkampen som har dette på programmet sitt! Det er jo flott så skulle jo dette være ein smal sak!!! Men eg skal passe på at alt som blir lova i valkampen skal følgjast opp når kvardagen innhentar oss igjen!!!

Klart ein ny skule på Troppene vil koste pengar, men andre tunge investeringar får vente slik at me sikrar våre minste Tysværbuar ein flott skulegang, det er tross alt dei som skal ta seg av mange av oss om nokre år!

Området som dagens skule ligg på er eit flott område, dette bør leggjast ut for sal og omregulerast til den bruken som kjøparen ynskjer. Om det blir næring eller bolig vil tida vise, som Tysvær Bygdeblad skreiv, her skin sola og me får det til når me har slik ein positiv trend som me har nå!

Torunn Vestbø Gjerde
1.kandidat, Tysvær Venstre
Leserinnlegg som har stått i Tysvær Bygdeblad

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**