Den gode skulen

Venstre har tradisjonelt sett vore eit skuleparti. Me er framleis eit skuleparti og vil alltid stå på for skulane. Av di er skule eit viktig område for oss. Les her kva me vil gjera med skulen på Stord. Me ynskjar å utvikla skulen, slik at me framleis kan vera over gjennomsnittet og gi eit tilstrekkeleg tilbod til borna.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Stord kommune må framleis oppretthalda den gode trenden med skulesatsing. Før koalisjonen tok over låg skulane på Stord langt under middels, medan Venstre i koalisjon har vore med på eit løft som har fått skulane godt over middels nivå.

Stord er rangert som nummer 37. på NHOs næringslivsbarometer. Det er ikkje noko i vegen for at me skal satsa lika høgt i høve grunnskulen.

Ein skule for kunnskap og like moglegheiter krev fagleg sterke lærarar. Difor vil Venstre gje alle lærarar tid og ressursar til fagleg påfyll gjennom systematisk etter- og vidareutdanning. Me vil ha ein god skule for elevane, difor satsar me på læraren.

Klasserom

Men me må også satsa på dei omkringliggjande faktorane, det psykososiale miljøet. For å få utbytte av ei satsing på lærarane må me også få ei tilgjengeleg skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom samt styrkja rådgjevingstenesta i skulen. For å plukka opp dei som slit og held på å fella utanfor, og som førebygging av fråfall seinare.

Framover ynskjer Venstre i kommunen å vidareutvikla oppvekstvilkåra for borna. Me ynskjer å ta med dei frivillige organisasjonane på dette. Me vil ha meir fysisk aktivitet inn i skulen, som gjer ein openbar helsegevinst. For å tilby eit godt opplegg for borna og eit variert tilbod for å motivera og engasjera dei vil me invitera dei frivillige idrettsorganisasjonane til å ta del i denne utfordringa. Saman vil me også invitera dei frivillige organisasjonane til å ta del i tilbodet ved SFO. Eit mangfald av organisasjonar kan saman leggja til rette for eit godt og variert tilbod for borna.

For Stord Venstre er det openbart at kommunen treng ei eiga stilling som «elevombod». Ein representant for elevane i kommunen.

Barn 2

Kommunen har også slitt med store elevtal, med klassar som har runda 30 elevar. Dette var alt for mange for å oppretthalda eit godt læringsmiljø. Stord Venstre har i heile perioden arbeida for å unngå å ha klassar som var over 25 og 28 elevar ved oppstart. Det har Venstre og koalisjonen fått til alle dei føregåande fire åra. Med 25 elevar per klasse er ein mange nok til at elevar får danna vennegjengar og «klikkar». Samt er det få nok til at lærarane har moglegheit til å gi tilstrekkeleg merksemd til kvar elev, og å halda kontroll på klassemiljøet.

Framtida byrjar i klasserommet. Venstre vil ha oppretthalda den gode trenden for skulane. Dette er førsteprioritet i våre alternative statsbudsjett, og er ei viktig prioritet lokalt. Difor har og vil Venstre arbeida vidare for å opprett- halda og forbetra ein god skule, med fokus på kunnskap og gode rammer for alle.

Geir Angeltveit
Ungdomskandidat Stord Venstre

Resten av vår skulepolitikk finn ein her.

– Artikkelen var på trykk i Sunnhordland, 2. September.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**