Ungdommen sitt kommunestyre

Fredag 26.august inviterte Ungdommen sitt kommunestyre i Luster alle 16-19 åringar til valsamling på Hafslo Samfunnshus. Alle elevane ved Luster og Sogndal vid. skule hadde fri for å delta. Over 200 ungdommar var til stades. Barneombod Reidar Hjermann og pressekontakt for kampanjen STEM1209, Flemming Idsøe, snakka om ungdom og engasjement. Partia i Luster var inviterte til å presentere seg sjølv og sine hjartesaker og svare på spørsmål frå ungdommen sitt kommunestyre og ungdommar som møtte opp.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

 Ungdomskandidatane Jeanett, Sandhya og Magnus B

Ungdomskandidatane Jeanett, Sandhya og Magnus B
Foto: E Bjørnetun

Luster Venstre stilte i panelet med toppkandidaten Jon Ove Lomheim og ein av våre tre ungdomskandidatar, Sandhya Karlsen Holene. Her er presentasjon og svar Venstre gav i panelet.

Presentasjon UK-samling

– Hei, eg heiter Sandhya Karlsen Holene, er 27 år og elev her på vidaregåande.
– Eg er fødd i India og vart adoptert hit til Hafslo då eg var 2 år.
– Eg mista bror min Arve i Sogndalselva siste månaden før eg skulle konfirmerast. Dette har prega meg resten av ungdomstida så alt har ikkje kome i rett rekkjefølgje. No er eg mor til 4 ungar paralellt med at eg prøver å ta utdanning.

– Vi er tre ungdommar på lista under 28 år som er spurt om å vera høgt oppe lista, men er etter ønskje frå oss plassert frå 11.plass til 22.plass.
– Vi føler det er trygt å ha Jon Ove som toppkandidat for han er opptatt av ungdomssaker, spør oss om råd og prøver å ta vare på oss unge i partiet.
– Han har i dag klart å motivera meg til å stå fram som politikar for første gong og eg får starta partiet sin presentasjon her i dag.
– Jon Ove har vore 20 år i kommunestyre og leiar for utvalg i 12 år.
– Han er utdanna sivilingeniør og er leiar for eit ingeniørkontor i Sogndal med 25 tilsette.
– Han e utruleg spreke og springe frå Marifjøra til Molden på 1 time og eit kvarter.

(Jon Ove presenterte sakene)
– Partia har mykje dei samme hjertesakene, også Venstre har SKULE, MILJØ OG VELFERD som hjertesaker, men eg vil trekka fram to saker som skil Venstre frå dei andre partia lokalt.
– Det eine er MILJØ og det andre er støtte til frivillig lag til både organisert og uorganisert aktivitetar.

– For Venstre er det viktigaste å ha perspektiv utover det å sikre oss meir materiell velferd på kort sikt, og med det meiner me at konsekvensane av våre prioriteringar og ressursbruk også skal forsvarast overfor komande generasjonar. Difor er eit av slagorda i programmet til Luster Venstre:
Framtida tilhøyrer dei unge

– Venstre samarbeider mykje med Sogn og Fjordane turlag i kraftutbyggingssaker for å hindra nokre av dei planlagde utbyggingane eller å stilla strengare miljøkrav eller kompensasjonar for kommunen og lokalsamfunnet i dei saker som blir tilrådd utbygt.
– Ei sak eg personleg er stolt over å ha lukkast med var å hindra utbygging av Engjadalselvi i Gaupne, ei sak som i utgangspunkt såg ut for å vera tapt sidan eit samrøystes formannskap sa JA til utbygging.

– I denne kommunestyreperioden er midlar til frivillige lag som driv organisert aktivitet og tilrettelegging av møteplassar for uorganiserte aktivitetar blitt reduserte. Dette har Venstre vore i mot og som einaste parti omprioritert budsjettet slik at frivillige lag og fritidsaktivitetar skulle få meir støtte.
– Venstre vil også i neste periode prioritera meir midlar til frivillig arbeid generelt og særleg aktivitetar der ungdom sjølv er aktiv med på tilretteleggingi.

– Når det gjeld tilbodet til barnehage, skule, helse og tiltak for å folk til å busetja seg i kommunen er det liten skilnad i forhold til dei andre partia, men Venstre er spesielt oppteken av skular; mellom anna sikre god kvalitet på undervisinga og at bygg og ikkje minst uteområda er godt tilrettelagt for å trivast. Bygg og uteområde for Hafslo skule har no 1.prioritet.

– Til slutt:
Venstre har alt programfesta permanent stemmerettsalder på 16 år !

UK-samling_ Svar (1minutt kvar)

Korleis vil de jobba for ungdommen i Luster ? (Sandhya)
Venstre vil i samarbeid med Ungdommen sitt kommuenstyre ha generell gjennomgang av kommunestyret sitt reglement og vurdera kva Ungdommen sitt kommunestyre i større grad enn i dag kan påverka kommunale vedtak og få myndigheit til sjøl å gjera endelege vedtak.
Mellom anna ser Venstre for seg at Ungdommen sitt kommunestyre kan få meir midlar til disponering.
I programmet har me sagt at for ungdom vil me mellom anna prioritera:
at lokale bibliotek bør styrkast med tilbod for dei unge og ha fleksible opningstider
prioritera meir midlar til nærmiljøtiltak og møteplassar for alle,
men særleg for ungdom
utvikla Sogn skisenter for vinteridrett og
Luster idrettspark i Gaupne for sommaridrett
ha regionalt motorsportanlegg
sikra transportilbod for unge
to-feltsveg til Fortun og tunell gjennom Sognefjellet
(og ikkje minst) sikra Luster vidaregåande skule som skuleplass også i framtida

Viss de må prioritera pengebruken. Kva vil de prioritera ned ? (Jon Ove)
Det første er å ta vekk subsidering av straum til næringskundar, fordi det er ikkje rettferdig fordeling av goder. Korfor skal banken og andre verksemder med store overskot ha billeg straum når f.eks. unge heiltidsbønder i etableringsfasen må betale ordinær straumpris. I fjor utgjorde dette 720.000 kr som Venstre omprioriterte til barnehage, kultur, støtte til frivillige lag og aktivitetar for ungdom.

Dette er lett for Venstre, men vidare nedprioritering er vanskeleg. Det lettaste er å utsetja investeringar i bygg og anlegg, men nedprioriteringa må gjerast på drifta.
Venstre vil då vidare prioritera ned subsidiering av bustad- og næringstomtar og på mange av våre tilskotsordningar som kommunen har i dag (men tilskot til frivilligt arbeid og aktivitet for ungdom er skjerma).
Venstre vil skjerma kutt som kan øydeleggja for trivsel og attendeflytting av ungdom som må ta utdanning og starta sin yrkeskarriere utanfor kommunen.
Så eit hjartesukk (etter å ha høyrt fleire i panelet)
Politikkarar har lei tendens til å lova mykje i valkampen, men for veljarane er det viktigaste kva me gjer i praktisk politikk.
Kvifor skal ungdomane stemma på ditt parti ? (Sandhya)
Eg har valt Venstre fordi partiet vil:
– ha toleranse og respekt mellom menneska
– arbeide for mangfald og inkluderande fleirkulturelt samfunn
– ikkje gje "litt til alle", men prioritera dei som faktisk treng det mest

Venstre set miljøspørsmål lokalt og nasjonalt høgst på prioriteringslista.
I følgje Sogn og Fjordane turlag er Luster Venstre det førande miljøpartiet i kommunen og vi seier mellom anna NEI til utbygging av vestsideelvane i Jostedalen og Vigdøla.

I denne perioden har Venstre hatt fokus på nøktern prioritering av økonomi som skal holde framover i mange kommunestyreperiodar. Konsekvensane i alle saker blir vurdert opp mot at vedtaki skal kunna forsvarast også når vi blir eldre og når neste generasjon skal prioritera økonomi og naturressursar.
Venstre vil også i neste periode prioritera midlar til frivillige lag sitt arbeid for at me skal ha mange og varierte fritidsaktivitar slik at me trivst i kommunen og byggjer Lustraidentitet.
Så er det viktig å vidareføre godt tilbod i barnehage og skule der lærarane våre kan gje oss god undervisning.
Vil du vera med å hjelpa Venstre i sakene me brenn for — så
STEMMER DU VENSTRE !

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**