Politisk rekneskap for Odda Venstre

Vi står foran eit nytt val, og då kan det vera på sin plass å vise til kva som har skjedd i siste valperiode. Odda Venstre har vore opposisjonsparti, men partiet har vore aktiv i debattar og kome med konstruktive forslag som i varierande grad har fått fleirtal

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Venstre har vore svært aktive i arbeidet med Reguleringsplanen for Smelteverkstomta, og har i tida fram til endeleg fredning hatt fleire forslag til uttalar som har samla kommunestyret.
Venstre stod i spissen for å berga Mjølåna med sin flotte foss i Røldal, noko som fekk fleirtal i kommunestyret med knappast mogleg margin. NVE har i ettertid heldigvis ikkje godkjent utbygginga av denne fossen og Austdøla.
Venstre har som einaste parti i kommunestyret stått på for å få anleggsmillionen i idrettsplanen på plass. Det vart nedstemt dei to første budsjetta. Andre gong kontakta vi dei styrande partia, som alle stilte seg positive til å få det med i eige budsjett. Det kom likevel ikkje med, kommentaren frå Roald Aga Haug var at "det kokte vekk i kålen". I det tredje budsjettet vart det fortsatt ikkje kome med i fleirtalet sitt budsjettforslag. Dette året vart det eit breitt budsjettforlik mellom dei styrande og Venstre og Nye Odda. Venstre sitt krav i forliket var å få med utbetaling til Lontjørn Skiskyttarstadion i 2010 og utbetring av løpebanen på Odda Stadion i 2011, og begge prosjekta er no realisert etter utrøtteleg kamp frå Venstre.
Venstre har vore aktive i samferdselsdebatten. Vi har samla fleirtalet om uttalar i samband med finansiering av E134. Vi har også bedt om at Odda Kommune skulle stå på for lange tunnelar på Haukeli, noko som ikkje er følgd opp av Odda AP og ordføraren. Dei har så langt støtta eigen regjering og korte tunnelar.
Venstre har i perioden også vore aktive i debatten om strategisk næringsplan og har kome med forslag for å få sett i verk tiltak for tilrettelegging for Næringslivet i Odda. Det har ikkje vore særleg framgang for dette arbeidet i siste periode, og Venstre sine forslag har blitt nedstemt. Det er her dei viktigaste utfordringane står for Odda i framtida. Odda Venstre lovar fortsatt stort fokus på dette i neste periode, og vi vil jobba heilhjarta for dette om velgarane lar oss kome i posisjon.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**