Mageplask frå Ap

Nylig la Arbeiderpartiet i dei fire Vestlandsfylka fram eit såkalla “Næringspolitisk program for Vestlandet” i 12 punkt. Programmet skal visstnok vere utarbeidd etter ein omfattande intern prosess i partiet, og samtaler med næringsliv på heile Vestlandet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Marit Barsnes Krogsæter og Klaus Iversen

Det ville vere synd å seie at Ap har fått mykje ut av sine samtaler med næringslivet. Programmet er floskelprega, uforpliktande og manglar så og seie heilt dei konkrete tiltaka som i praksis må til for å skape vekst og utvikling på kysten vår. I staden for å prove at dei forstår Vestlandet, har Ap enno ein gong prova at avstanden frå LO- og partikontoret på Youngstorget til det verdiskapande næringslivet på kysten av Vestlandet er uendeleg lang.

Venstre vil med dette ile til og tilby Ap hjelp på vegen. For å gjere det enkelt, vil vi til å byrje med avgrense oss til fire konkrete punkt for vekst på kysten av Sogn og Fjordane, punkt som Ap ikkje nemner i sitt floskelprega næringspolitiske manifest:

1. Statleg deltaking i spleiselag for Kystvegen/45-minuttsregionen. Rask utbygging av Kystvegen, med strekninga Måløy-Florø (45-minuttsregionen) som neste byggesteg, er av avgjerande betydning for å få fart på kysten. Venstre vil at staten skal delta i spleiselaget for å få dette til. Vil Ap?
2. Bygg Stad Skipstunnel. Etter 17 utgreiingar, seks år med fiskeriministerar frå Ap og ein runddans i byråkratiet som snart tippar over i parodien, er “the missing link” i sjøvegen på Vestlandet enno like langt unna. Venstre vil bygge Stad Skipstunnel. Vil Ap?
3. Fjern formueskatten og arveavgifta. Eit tydeleg signal frå både små og store bedrifter på heile Vestlandet, er at dagens formueskatt er eit stort hinder for vekst og verdiskaping. Venstre vil fjerne formueskatt og arveavgift. Vil Ap?
4. Forenkle arbeidsmiljølova. Venstre vil mjuke opp adgangen til kortvarig innleige av arbeidskraft og midlertidige tilsetjingar for inntil eit halvt år, og dagens rigide bestemmelsar i lovverket om overtid, turnusordninger etc

Det er meir enn merkeleg dersom Ap etter så mykje samråd med næringslivet på Vestlandet ikkje har fanga opp desse fire viktige punkta for å få fart på kysten. Venstre gjer kanskje ikkje like mykje halloi i media som Ap kvar gong vi snakkar med ei bedrift, men til gjengjeld prøver vi å få med oss kva bedriftene seier. Det er også ein måte å skape vekst på Vestlandet på.

Marit Barsnes Krogsæter (Florø) og Klaus Iversen (Vågsøy),
1. og 2. kandidat for Venstre til fylkestingsvalet

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**